Mari Eide (fødd 18. november 1989) er ein norsk langrennar frå Øystre Slidre, medlem i Øystre Slidre Idrettslag. Ho vann bronsemedaljen i sprinttevlinga under Ski-VM 2019 i Seefeld in Tirol.

Mari Eide


Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. november 1989 (34 år)
Beitostølen
Idrett langrenn

Aktiv endre

Eide deltok i verdscupen i langrenn frå mars 2010. Ho spesialiserte seg i sprintøvingane, men sleit i årevis med å kome seg til finale i verdscupen. Bortsett frå ein siger i parstafett 4. desember 2011 i Düsseldorf, saman med Maiken Caspersen Falla, måtte ho sjå langt etter pallplasseringar. Vinteren 2016 vann Eide sølv på 10 km ved noregsmeisterskapen i Tromsø, eit lite minutt bak den suverene vinnaren Astrid Jacobsen. Eide har delteke i ei tevling i dei store internasjonale meisterskapane. Under verdsmeisterskapen 2019 i Seefeld i Austerrike tok ho seg til finalen i sprintøvinga, der ho mykje overraskande kneip bronsemedaljen. Landskvinna Falla vann øvinga, framom Stina Nilsson frå Sverige.

Kjelder endre