Mari Skurdal
Mari Skurdal (fødd 6. september 1977)[1] er ein norsk lektor, lærebokforfattar og journalist. Frå hausten 2018 har ho vore ansvarleg redaktør i Klassekampen.
Mari Skurdal | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. september 1977 (47 år) Oslo |
Yrke | journalist, redaktør |
Far | Narve Trædal |
Skurdal vaks opp i Oslo, i nedre del av Groruddalen. På gymnas gjekk ho dei første to åra på Foss skole på Grünerløkka. Siste året gjekk ho på Forsøksgymnaset (FG).
Skurdal er utdanna filolog (cand.philol.) (2004) fra Universitetet i Oslo med hovedfag i engelsk litteratur.[2]
Ho har arbeidd i Oslo-skulen, både i grunnskule og vidaregåande. Ho har og vore med å skrive lærebøker i samfunnskunnskap i Aschehougs «Matriks-serie» for ungdomsskulen.[3]
Skurdal hadde jobba som vaktsjef, nyhendeleiar, redaksjonssjef og featureredaktør i ti år i Klassekampen då ho vart tilsett som redaktør i 2018.[4]
Mari Skurdal er dotter av Narve Trædal, og kusine til politikaren Eivind Trædal.[5][6][7][8]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mari Skurdal» frå Wikipedia på bokmål, den 20. september 2022.
- Referansar
- ↑ birthday.se (Besøkt 7. august 2018)
- ↑ «Nyhetssjef», Universitetet i Oslos nettsider (Besøkt 7. august 2018)
- ↑ Presentasjon på Aschehougs nettsider Arkivert 2018-08-08 ved Wayback Machine. (Besøkt 7. august 2018)
- ↑ «Lover stø kurs framover» Arkivert 2018-08-22 ved Wayback Machine. (Besøkt 16. august 2018)
- ↑ Data frå Ættebok for Lavik (Besøkt 7. august 2018)
- ↑ «Stø, stø, stø kurs». Morgenbladet (på norsk bokmål). 17. august 2018. Henta 16. mars 2019. «– Faren din, Narve Trædal, ble i sin tid fengslet for å lekke Nato-papirer til Klassekampen. Han har vært medlem i AKP(m-l) og senere Rød Valgallianse. Ble dere overvåket? Har du sett mappen hans fra overvåkningstjenesten? – Jeg har ikke lest den, men han fikk den, og det var mye mer der enn han hadde trodd. De trodde ikke jeg var der, men de fant fødselsannonsen min fra Gudbrandsdølen Dagningen.»
- ↑ «Venleg, men bestemt». Klassekampen. 25. august 2018. s. 39. «Eivind Trædal, den ikkje ukjente MDG-politikaren og debattanten, er fetteren til Mari. Det dukkar alltids opp ein Trædal eller to.»
- ↑ «Ein heiderskar fyller år». Klassekampen. 23. august 2019. s. 32. «Han kjem frå Ikjefjord i Høyanger, på sørsida av Sognefjorden, fødd inn i ei småbondeslekt prega av motkulturar og frilynte Venstre-haldningar. Samfunnsengasjementet i familien går i arv. Nyss mista Narve storbror sin, den fargerike læraren og skribenten Lasse Trædal. Han var far til miljøpolitikaren Eivind Trædal, og Narve er den stolte faren til Klassekampens redaktør Mari Skurdal.»