Maria Gripe

svensk forfattar

Maria Gripe (25. juli 19235. april 2007) var ein svensk forfattar, fødd som Maria Walter i Vaxholm, og oppvaksen i Örebro. Ho skreiv berre barne- og ungdomsbøker. I 1946 gifta ho seg med kunstnaren Harald Gripe, som har illustrert dei fleste av bøkene hennar. Dei har ei dotter, Camilla Gripe, og også ho er forfattar.

Maria Gripe

Statsborgarskap Sverige
Fødd 25. juli 1923
Vaxholm
Død

5. april 2007 (83 år)
Rönninge

Yrke skribent, barnebokforfattar, manusforfattar, forfattar
Språk svensk
Ektefelle Harald Gripe
Maria Gripe på Commons

Mange av bøkene til Maria Gripe - særleg dei seinare verka - inneheld overnaturlege, eller mystiske element, t.d. boka Tordivelen flyg i skyminga.

Ho skreiv 36 bøker som har vorte omsette til 29 språk, mellom anna mange til norsk. I Noreg er ho kanskje aller mest kjend for Tordivelen flyg i skyminga som vart innspelt som høyrespel av NRK Radioteatret og send i Barnetimen, og for bøkene om Agnes Cecilia.

Forfattarskapet hennar har vorte løna med mange prisar, mellom anna Nils Holgersson-plaketten (1963), Astrid Lindgren-priset 1972, H.C. Andersen-medaljen (1974), Doblougprisen 1979 og Litteris et artibus-medaljen (2003).

Fleire av bøkene hennar har vorte filmatiserte.

Bibliografi (i utval)

endre

Bøker av Maria Gripe

Bøker om Maria Gripe

  • Carina Lidström (1994): Sökande, Spegling, metamorfos. Tre vägar genom Maria Gripes Skuggserie.
  • Ying Toijer Nilsson (2000): Skuggornas förtrogna - om Maria Gripe
  • Hild Haaheim (2001): Forfatterskapslesilng i skolen - om Maria Gripe

Bakgrunnsstoff

endre