Opna hovudmenyen

Marianne Synnes (fødd 5. juni 1970) er ein norsk molekylærbiolog, skuleleiar og politikar frå Vigra, busett i Ålesund. Tingbolken 2017-21 representerer ho Møre og Romsdal og partiet HøgreStortinget.

Marianne Synnes
Marianne Synnes.jpg
Fødd 5. juni 1970
Vigra
Yrke biolog, politikar

Synnes er utdanna bioingeniør frå Østfold ingeniørhøgskole i 1993. Ei tid var ho forskingsteknikar på Radiumhospitalet i Oslo. I 1996 tok ho hovudfag i cellebiologi ved Universitetet i Oslo og NTNU i Trondheim. Seks år seinare vart ho dr.scient. i molekylær cellebiologi med avhandlinga 'Control of the G1/S transition in fission yeast'. Der etter arbeidde ho som prosjektleiar ved Møreforsking i Ålesund i tre år, til ho vart fyrsteamanuensis ved Avdeling for helsefag på Høgskolen i Ålesund. Frå 2011 til -16 var ho rektor ved Høgskolen i Ålesund og i 2016-17 viserektor ved NTNU, etter Høgskolen i Ålesund vart lagd inn under NTNU.

Synnes er 2015-19 styreleiar i Senter for internasjonalisering av utdanning og er styremedlem i Norges forskningsråd.

Til stortingsvalet 2017 var Synnes partiet Høgre sin andrekandidat i Møre og Romsdal og ho er perioden 2017-21 ein av ni stortingsrepresentantar frå fylket.

KjelderEndra