Marie-Josée Ta Lou

Gonezie Marie Josée Dominique Ta Lou (fødd 18. november 1988) er ein ivoriansk friidrettsutøvar frå Bouaflé som vann sølvmedaljen både på 100 meter og 200 m under VM i friidrett 2017. To år seinare tok ho bronsen på 100 meter ved Friidretts-VM i Doha.

Marie-Josée Ta Lou


Marie-Josée Ta Lou under VM 2017

Statsborgarskap Elfenbeinskysten
Fødd 18. november 1988 (35 år)
Elfenbeinskysten
Idrett friidrett
Tok del i

Afrikalekene 2011, Afrikamesterskapet i friidrett 2012, Kontinentalcupen i friidrett 2014, Afrikamesterskapet i friidrett 2014, VM i friidrett 2015, Afrikalekene 2015, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 100 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 200 meter kvinner, VM i friidrett 2019 – 100 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 100 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 200 meter kvinner, VM i friidrett 2022 – 100 meter kvinner

Ta Lou enda på fjerdeplass på 100 meter då Sommar-OL 2016 vart avvikla i Rio de Janeiro, berre tusendelar av eit sekund bakom bronsevinnar Shelly-Ann Fraser. Også på 200-meteren vart Ta Lou fjerde best, tida 22,21 var landsrekord. Under verdsmeisterskapen 2017 i London tangerte ho i finalen den personlege rekorden på 100 meter, men vart slått med eitt tidels sekund av Tori Bowie i striden om gullmedaljen. Også på 200 meter kom Ta Lou i mål til sølv, med tida 22,08 sekundar sette ho landsrekord, gullvinnar Dafne Schippers fekk notert 22,05.

Den 4. mai 2018 i Doha forbetra Ta Lou 100-meterspersen til 10,85 sekundar, ein rekord ho tangerte i 2019-sesongen. Ved verdsmeisterskapen 2019 sprang ho inn til bronse på 100 meter.

Kjelder endre