Marie-Thérèse Colimon-Hall

Marie-Thérèse Colimon-Hall[1] (11. april 19181997) var ein haitisk forfattar.

Marie-Thérèse Colimon-Hall
Statsborgarskap Haiti
Fødd 11. april 1918
Port-au-Prince
Død

1997 (79 år)

Yrke skribent, skodespelar

Colimon-Hall vart fødd i Port-au-Prince og byrja forfattarskapen sin som dramatikar, og publiserte fem skodespel mellom 1949 og 1960. I 1974 gav ho ut den fyrste og mest kjende romanen sin, Fils de Misère. Ho skreiv også essay, noveller og barnelitteratur. Colimon-Hall sine observasjonar av det haitiske folket sin kamp mot fattigdom gav ein særleg brodd til arbeidet hennar, noko som er tydeleg i mellom andre Fils de Misère. I novellesamlinga Les Chants des sirenes utforska ho den smertefulle verknaden av den haitiske diasporaen, både på individ i eksil og i det haitiske samfunnet.

Kjelder

endre

Litteratur

endre
  • Patricia Schutt-Ainé: Haiti. A Basic Reference Book (Miami i USA: Staff of Librairie Au Service de la Culture, 1994), s. 102.

Nettstader

endre

Referansar

endre
  1. Opphavleg Marie-Thérèse Colimon.