Marie Amalie Landmark

Marie Amalie Landmark (5. august 184525. april 1935) var ein norsk husstellærar og kokebokforfattar.

Marie Amalie Landmark

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. august 1845
Fjaler kommune
Død

25. april 1935 (89 år)
Fjaler kommune

Yrke skribent
Tema Matstell
Debut Husholdningsbog, 1892

Landmark er mest kjend for utgjevinga Kokebok for land og by som kom ut i mange opplag fram til 1932 og selte i over 100 000 eksemplar.[1][2][3] Denne boka innheld ikkje berre oppskrifter på mat og råd om kosthald, men er av stor verdi kulturhistorisk av di ho gir eit godt bilete av skikkar og levemåtar i ei bygd på Vestlandet rundt førre hundreårsskiftet.[1]

Landmark skipa og drifta ein husstellsskule i Fjaler i 1883-1893, var omreisande lærar i husstell i regi av Nordre Bergenhus Amts Landhusholdningsselskab i perioden 1893-1897, og var mellom anna medarbeidar i bondekvinnebladet Husmoderen : Tidsskrift for Hus og Hjem.[3]

Marie Amalie Landmark vaks opp på Tysse i Fjaler kommune i Sunnfjord og vart buande der heile livet.

Bibliografi

endre

Bøker

endre
  • 1892 – Husholdningsbog (Kristiania: Marius Lunds Forlag)
  • 1900 – For landsbygden : raad og veiledning for hus og hjem (Bergen: N. Nilsens bogtrykkeri) I fulltekst ved nb.no
  • 1910 – Fortællinger (Bergen: Lunde forlag)
  • 1911 – Bagning og brygning i det smaa (Bergen: N. Nilssen & Søns Bogtrykkeri)
  • 1984 – Kokebok for land og by (Førde: Fjaler sogelag) I fulltekst ved nb.no  [Utgitt på ny ved Øens prent. Første gong trykt i 1890-åra.]

Kjelder

endre
  • Eli E. Vengen (15. august 2006). «Har Fjaler norsk rekord i forfattarskap?». Firda: 8-9. 

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 Landmark 1984, side [1]
  2. Vengen 2006, side 8
  3. 3,0 3,1 Notaker, 2009

Bakgrunnsstoff

endre