Marie Kjølseth
Marie Kjølseth (11. desember 1870–13. mars 1923) var ein norsk lege, forskar, kvinnesaksforkjempar og venstrepolitikar.[1] Ho var ein av dei første kvinnelege lækjarane i Noreg.[2]
Marie Kjølseth | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. desember 1870 Østre Toten kommune |
Død | |
Yrke | lege, kvinnesaksforkjemper |
Politisk parti | Venstre |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening, Landskvindestemmeretsforeningen |
Karriere
endreKjølseth tok examen artium i 1890,[3] og blei cand.med. ved Universitetet i Oslo i 1897.[4] Ho var spesialist i kvinnesjukdommar, og ein sentral forskar på dette feltet i Noreg med ei rekkje faglege publikasjonar. Ho hadde også ein stor føredragsaktivitet om kvinnehelse og anna helseopplysing.
Kjølseth var aktivt engasjert i politikken og kvinnerørsla. Ho var styremedlem i Landskvindestemmeretsforeningen (1904–1907, 1909–1923), leiar av Kristianialaget i Landskvindestemmeretsforeningen og sentralstyremedlem i Norsk Kvinnesaksforening (1913–1920). Ho representerte Venstre som suppleant i Kristiania bystyre og var stortingskandidat for partiet. Ho var også medlem av ei rekkje offentlege utval.
For det faglege arbeidet sitt fekk ho Kjølseth Schjelderups gullmedalje (1911) og Voss' legat i rettsmedisin (1906, 1913).[5]
Kjelder
endre- ↑ Dagny Bang (1932). «Doktor Marie Kjølseth». Kvinnelige studenter 1882-1932. Gyldendal. s. 19-22.
- ↑ Kvindelige studenters jubilæumsskrift. Brydes bogtrykkeri. 1907.
- ↑ Studentene fra 1890. (Grøndahl). 1942.
- ↑ Kobro, I. (1908). Norges læger. Centraltrykkeriet. s. 643.
- ↑ Cecilie Arentz-Hansen (2018). "Kvinder med begavelse for lægevirksomhed". Cappelen Damm. s. 369–372. ISBN 9788202503291.
- Denne artikkelen bygger på «Marie Kjølseth» frå Wikipedia på bokmål, den 27. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Marie Kjølseth hos Lokalhistoriewiki