Oslo bystyre
Oslo bystyre er Oslo sitt kommunestyre og fylkesting og dermed den øvste politiske styresmakta i byen. Det er den einaste folkevalde forsamlinga i Noreg som er både kommunestyre og fylkesting. Det har 59 medlemmar. Hovudoppgåvene til bystyret er å leggja hovudlinjene for utviklinga av Oslo og dei kommunale tenestene i byen, inkludert fordelinga av dei pengane kommunen har å rutte med.
Partigrupper
endreEtter Kommunestyre- og fylkestingvalet 2015 består Oslo bystyre av desse partigruppene:
Parti | Mandat | Gruppeleiar |
---|---|---|
Arbeidarpartiet | 20 | Frode Jacobsen |
Høgre | 19 | Eirik Lae Solberg |
Miljøpartiet Dei Grøne | 5 | Harald A. Nissen |
Venstre | 4 | Guri Melby |
Framstegspartiet | 4 | Carl I. Hagen |
Sosialistisk Venstreparti | 3 | Sunniva Holmås Eidsvoll |
Raudt | 3 | Bjørnar Moxnes |
Kristeleg Folkeparti | 1 | Erik Lunde |
Komitear
endreBystyret har, i tillegg til forretningsutvalget og finanskomiteen, fire fagkomitear som førebur saker og kjem med anbefalingar til bystyret.[1] Medlemmar til utval og komiteane vert valsw frå bystyret, og kvar av representantane til bystyret sit i ein av komiteane:
- Finanskomiteen – 11 medlemmar
- Helse- og sosialkomiteen – 13 medlemmar
- Kultur- og utdanningskomiteen – 11 medlemmar
- Byutviklingskomiteen – 13 medlemmar
- Samferdsels- og miljøkomiteen – 11 medlemmar
Bystyremøta vert normalt haldne siste onsdag i månaden og er normalt opne for publikum. Dei interne sakene til bystyret og funksjonen som valkomite vert ivaretekne av forretningsutvalget i Oslo. Kontrollutvalet fører løpande tilsyn med den kommunale forvaltinga på vegner av bystyret, og ser til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning.
Sekretariatet til bystyret
endreSekretariatet til bystyret er administrasjonen til bystyret og er direkte underlagt ordføraren og Oslo bystyre. Sekretariatet har som hovudoppgåve å leggja til rette for arbeidet som vert gjort i bystyret og organa til bystyret.[2]