59°15′36.324″N 17°13′19.556″E / 59.26009000°N 17.22209889°E / 59.26009000; 17.22209889

Mariefreds byvåpen

Mariefred er ein svensk by som ligg i Södermanlands län i landskapet Södermanland. Han ligg i Strängnäs kommun og byen har 3 726 innbyggjarar i 2011.

Bakgrunnen til byen er knytt til Gripsholms slott og til 1370-taletBo Jonsson Grip let bygge eit slott på neset Gripsholm på sørsida av Mälaren. Etter fleire utbyggingar vart dette slottet eit kongeleg slott under Gustav Vasa1530-talet.

Sjølve namnet Mariefred kan stamme frå eit kloster som kartusianarmunkar oppførte frå 1493 der dagens kyrkje ligg. Dette klosteret hadde namnet Pax Mariae («Marias fred»), og busetnaden rundt tok dette namnet. I 1498 blei Gripsholm underlagt klosteret.

Mariefred fekk bystatus i år 1605 av Karl IX.


Byen har båtsamband med Stockholm i sommarsesongen. Den smalspora museumsjernbanen Mariefred–Läggesta går frå byen til Läggesta.

Kjelder endre