Gripsholms slott er eit kongeleg slott ved Mälaren, like utom den gamle bykjerna i Mariefred i Strängnäs kommune i Sverige. Slottet har den svenske staten som eigar, og vert forvalta av det statlege eigedomsverket. I tillegg til sjølve slottsbygningen høyrer òg mellom anna Gripsholms kongelåve og ein hjortepark til slottsområdet.[1]

Gripsholms slott

ArkitektHenrik von Cöllen, Fredrik Nussdorffer, Erik Palmstedt
Stilrenessansen
Kart
Gripsholms slott
59°15′22″N 17°13′09″E / 59.256111°N 17.219167°E / 59.256111; 17.219167

Gripsholms slott inneheld den svenske staten si portrettsamling med over 5 000 verk, med døme på portrettkunst frå 1500-talet og fram til notida. Samlinga vart grunnlagd i 1820. Sidan 1860-talet har Nationalmuseum i Stockholm hatt ansvar for portrettsamlinga.

Plasseing endre

Slottet ligg ved Gripsholmsfjärden i Mälaren, på det som opphavleg var ein cirka 400 meter lang og 150 meter brei holme. Gjennom åra har området kring borga vorte tørrlagt. Slottsholmen vert skilt åt av ei vollgrav med vindelbru. Under visse periodar har vollgrava vore fylt igjen, men ho vart opna att i samband med ein større renovering av slottet på 1890-talet.

Rett nord om sjølve slottet på den så kalla Rännarbanan, står nokre runesteinar som fortel om det såkalla «Ingvarståget». Noko lengre nord finst fleire driftsbygningar som har tilhøyrt jordbruket til slottet.

Slottet er eldre enn den næraliggande byen Mariefred og ligg innanfor det området som fram til 1952 var Kärnbo sokn.

Historie endre

 
Slottet på avstand
 
Den indre borggarden med slottsbrønnen

Vasaslottet Gripsholm endre

Eksistensen til klosteret vart kortvarig. I 1526 vart Pax Mariae det første klosteret som vart inndrege av Gustav Vasa. I desember 1525 gjorde han krav på godset som arving til Sten Sture den eldre, som hadde donert garden til klosteret med vilkåret at garden skulle gå attende til rette arvingane om klosteret eller jorda ikkje lengre vart halde ved hevd. Kravet vart legitimert av riksrådet i januar 1526.

Gustav Vasa lét riva borga og i byrjinga av 1537 oppførte han eit slott, med hjelp av arkitektane Henrik von Cöllen og Fredrik Nussdorffer. Slottet vart bygt i tegl og det kravde ei stor mengd murarar for å klare det store byggearbeidet. I 1539 var Måns Höck ansvarleg murarmeister, som den fremste av 20 murarmeistarar som då var verksame ved slottsbygginga.

Slottet som fengsel endre

Gripsholms slott har ved fleire høve vorte nytta som fengsel. To av sønene til Gustav Vasa, kongane Erik XIV og Johan III, var begge fengsla der. Den avsette kongen Gustav IV Adolf var brorparten av det siste året sitt i Sverige, 1809, i fangenskap på Gripsholm. Mellom 1597 og 1610 var det 35 stats- og krigsfangar på slottet.

 
Griptornet
 
Fengselstårnet

Gustaf III:s teater endre

På øvste salen ligg teateret som Gustaf III lét bygga 1781–1782. Plassen hadde tidlegare, fram til 1738, vorte nytta som slottskyrkje. Kongen hadde engasjert ein fransk teatertrupp som trong ein scene ved hoffet. Oppdraget å skapa teateret fekk arkitekten Erik Palmstedt, nyleg heimkomen etter ei to år lang reise i Tyskland, Holland, Frankrike og Italia. For å skapa plass for både scene og salong vart Dronningsfløya påbygd med tre høgder, så ho kom i nivå med teateret. Torn-rundellen vart salong medan den påbyggde delen av Dronningsfløya vart scene og garderobar.

Biletgalleri endre

Interiør og eksteriør endre

Kjelder endre

  1. «Gripsholms slott och slottsområde». Statens fastighetsverks webbplats. Arkivert frå originalen 13. februar 2016. Henta 21 maj 2016.