Marikåpeslekta
Marikåpeslekta er ei planteslekt i rosefamilien. Det finst om lag 300 artar, dei fleste i dei kalde tempererte og subarktiske områda i Europa og Asia, men også nokre i fjelltrakter i Afrika, Nord-Amerika og Sør-Amerika.
Marikåpeslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Rosefamilien Rosaceae |
Slekt: | Marikåpeslekta Alchemilla L., 1753 |
Marikåpar er fleirårige plantar med store blad, veike stenglar og små grøne blomstrar utan kronblad. Krukkeforma fruktbeger med fire ytre og fire indre begerblad, fire mjølberarar og ein griffel. Der er to grupper: 1. Fjellmarikåpe (A. alpina). Har fem-sjukopla blad. 2. Alle dei andre marikåpene, som er plantar med handlappa blad. I denne gruppa (A. vulgaris) finst 22 småartar innanfor Noreg, Sverige og Finland. Hos dei fleste marikåpeartane utviklar frøemnet seg til frø utan befruktning. Slike apomiktiske (ikkje-seksuelle) artar kan ikkje heilt samliknast med artar som har kjønna forplanting, og ein plar kalle dei for småartar. Dei er lettast å kjenne ute på veksestaden og ikkje for seint på sommaren.
Kjelder
endre- Svensk Wikipedia
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.