Marika Lejon

norsk songar

Marika Lejon (fødd 3. oktober 1984 i Stavanger) er ein norsk medievitar og artist.

Marika Lejon

Fødd3. oktober 1984 (40 år)
FødestadStavanger kommune
OpphavNoreg
Aktiv2004–
Instrumentvokal
Verka somsongar, låtskrivar

Lejon er utdanna ved Universitetet i Oslo i medievitskap, der ho tok mastergrad hausten 2010. Ho er òg utdanna ved Norges idrettshøgskole, og i juni 2012 avslutta ho utdanning på NTNU i Gjøvik innan webproduksjon. Sidan 2007 har Lejon arbeidd som journalist og redaktør for fleire magasin og nettsider.[1][2][3]

Bakgrunn som artist

endre

Lejon byrja å komponere musikk som seksåring. Før ho byrja å opptre på TV, deltok ho i blant anna NM i rock 2000 (finale på Rockefeller i Oslo, der ho vart kåra som beste vokalist) og By:larm 2002 (yngste deltakar).[4]

Lejon gav ut sin fyrste singel, To Milan, i 2004. Ho deltok i Kjempesjansen hausten 2006 med den eigenkomponerte songen «Again» og sigøynarvisa «Nane Tsocha». Lejon deltok i Melodi Grand Prix 2007 med songen «Perfect Sin», som var skriven av svenske Adam Alvermark. Deretter deltok ho i Norske Talenter på TV2. Lejon platedebuterte i 2009 med musikkalbumet My Fire. I 2015 gav Lejon ut sitt andre album "Before Death", med meir preg av elektronika-pop og rock.

I 2011 deltok Lejon for andre gong i Melodi Grand Prix med den eigenkomponerte låten «Hungry for You (Gipsy Dance)». Ifølgje ho sjølv vart låten til då ho skreiv masteroppgåva, og lengta etter dans og latter.[5]

Lejon deltok i programmet Charterfeber på TV3 i 2011.

Prisar

endre

11. juni 2018 mottok Lejon Dixi-prisen, utdelt av barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland.[6] Lejon mottok prisen på vegne av Kvinnefronten, der ho sit i styret. Ho er redaktør og prosjektleiar i prosjektet "Jeg er et mørketall".[7] Dette er ei plattform der overgrepsuteatte kan dele sine historiar anonymt.

Referansar

endre
  1. «Velkommen til bodymag.no - for deg som trener tungt» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 27. mars 2016. Henta 21. februar 2017. 
  2. «Kjøp kosttilskudd og treningsklær hos Gymgrossisten» (på norsk bokmål). Henta 21. februar 2017. 
  3. «Morketall.no — En kampanje for kvinner som har opplevd overgrep.» (på norsk bokmål). Henta 1. mars 2017. 
  4. nrk.no – mgp
  5. - Jeg er skapt til å underholde, NRK.no.
  6. «Aftenposten». Henta 12. juni 2018. 
  7. «morketall.no». Henta 12. juni 2018.