Norske Talenter er eit norsk fjernsynsprogram på TV 2 basert på det britiske underhaldningsprogrammet Britain's Got Talent og det amerikanske America's Got Talent. Hovudinnhaldet i programserien er ein talentkonkurranse innanfor alle greiner, og er ope for alle deltakarar, uavhengig av alder. Britain's Got Talent vart fyrste gong send i 2007; den fyrste sesongen av Norske Talenter vart send på TV 2 i 2008.

Norske Talenter
Typefjernsynsprogram
SjangerTalentkonkurranse
OpphavslandNoreg
Introduksjonsår2008
Sesongar8
Lengdca 75
SpråkNorsk
SkaparSimon Cowell
Basert påBritain's Got Talent
ProgramleiarMarte Stokstad
Sturla Berg-Johansen
Pia Lykke
Marthe Sveberg Bjørstad
John Brungot
Solveig Kloppen
Stian Blipp Glopholm
DommarpanelJan Fredrik Karlsen
Thomas Giertsen
Mia Gundersen
Alex Rosén
Adil Khan
Omer Bhatti
Lisa Tønne
Bjarte Hjelmeland
Linn Skåber
Suleman Malik
Bjarne Brøndbo
Periode22. februar 2008–
KanalTV 2

Audition endre

Det vart gjennomført fleire auditionar i ulike byar i Noreg, der folk fekk sjansen til å opptre framfor tre domarar. Viss ein domar hadde sett nok, kunne han trykkja på ein knapp. Viss alle tre domarane hadde trykt, måtte deltakaren stoppe. Når opptredenen anten er ferdig eller stoppa, gav domarane tilbakemelding, og bestemte om artisten fekk gå vidare i programmet eller ikkje. Publikum blei oppfordra til å gje si meining (ved å jubla eller bua mot domarane).

Semifinalar og finalen endre

Dei siste programma blei alle gjennomført på direktesending, med semifinalar og ein finale. I 2008 inneheldt kvar semifinale 8 opptredenar, der to blei sende vidare etter røyster frå fjernsynssjåarane. Den med flest røyster gjekk direkte til finalen, medan domarane kunne velje mellom andre og tredje plassen blant røystene, og sende denne artisten vidare til finalen.

Norske Talenter vart nominert til Gullruten for Beste underhaldningsprogram i 2008.

Vinnarar endre

  • Vinnaren i 2008 vart songaren Erlend Bratland. Premien var 500 000 kr og eit stipend verdt 200 000 kr til å utvikle talentet sitt.
  • Vinnaren i 2009 vart dansegruppa Quick. Premien var ein bil verd 400 000 kr og eit stipend på 300 000 kr.
  • Vinnaren i 2010 vart rapparen Kristian Rønning. Premien var på 500 000 kr.
  • Vinnaren i 2011 vart dansaren Daniel. Premien var 500 000 kr.
  • Vinnaren i 2012 vart operasongaren Stine H. Ulla. Premien var 500 000 kr.[1]
  • Vinnaren i 2014 vart bluessongeren Angelina Jordan, som var åtte år då ho vann, og dermed var den yngste vinnaren av Norske Talenter. Ho fikk 46 % av stemmene. Premien var 500 000 kr.[2]
  • Vinnaren i 2015 vart gitaristen Odin Landbakk.
  • Vinnaren i 2017 vart teiknspråktolkaren Vilde. Premien var 500 000 kr.
  • Vinnaren i 2018 vart den 13 år gamle songaren Tuva.

Kjelder endre

  1. Cathrine Eide (7. desember 2012). «Operasangeren Stine vant «Norske Talenter»». TV2. Henta 8. mars 2015. 
  2. Sandra Mei Ling Noer (23. mai 2014). «Tårene trillet da Angelina (8) vant «Norske Talenter»». TV2. Henta 8. mars 2015.