Maritim

(Omdirigert frå Marin)

Maritim og marin (begge frå latin mare som betyr 'hav') er omgrep for noko som har med hav og sjøfart å gjera.[1] Ein kan snakka om maritimt klima, marinbiologi, marin grense og liknande omgrep knytt til kyst og hav.

Kobe hamn i Japan med Kobe Port Tower og Kobe Maritime Museum.

Det kan brukast om forsking knytt til havet, som maritim eller marinarkeologi, marin økologi eller marin akustikk; næringsverksemd kytt til sjø og sjøfart, som shipping, maritim logistikk eller maritim teknikk. Marine viser til militær verksemd til sjøs.

«Mairitim» er også brukt som namn på hotell i typisk historiske sjøfartsbyar. Uttrykket blir også brukt om mote og design inspirert av skipsfart, som «maritim stil» og «maritim mote».[2]

Kjelder endre

  1. «maritim» i Nynorskordboka., «marin» i Nynorskordboka.
  2. Rognø, Linn Merete, «Maritim mote i vinden», www.klikk.no (på norsk), henta 12. mars 2019 

Bakgrunnsstoff endre