Marina Viktorovna Bazanova (25. desember 196227. april 2020) var ein ukrainsk handballspelar frå Kiev som vart trefaldig verdsmeister med Sovjetunionen i tida 1982-90 og frå 1981 til -88 vann meisterligaen seks gongar med Spartak Kiev.

Marina Bazanova
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 25. desember 1962
Omsk
Død

27. april 2020 (57 år)
Bremen

Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Handball-VM 1982 for kvinner, Handball-VM 1986 for kvinner, Handball-VM 1990 for kvinner

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Bazanova var høgre kantspelar på både Sovjetunionen sitt landslag og på Spartak Kiev i over ti år. I 1981 var ho med å vinne Meisterligaen 1981 og året etter vart ho verdsmeister fyrste gongen då det sovjetiske landslaget vann VM-finalen mot vertslandet Ungarn. Sidan forsvarte Sovjetunionen og Bazanova VM-tittelen i 1986 såvel som i 1990. Meisterligapokal nummer to tok ho og Spartak Kiev i 1983, medan laget åra 1985-88 sopa med seg alle fire pokalane i meisterligaen. Bazanova deltok i Sommar-OL 1988 og 1992, der ho var med å vinne bronsemedalje i begge leikane, i Barcelona 1992 etter å ha tapt semifinalen mot Noreg med eitt mål. Nett i Barcelona fekk ho plass på All-Star-laget.

Ho døydde i Bremen i Tyskland.

Kjelder endre