Handball-VM 1982 for kvinner

Verdsmeisterskapen i handball 1982 for kvinner, den 9. i rekka, vart avvikla i tida 2. til 12. desember i Ungarn. 12 land deltok i turneringa: Aust-Tyskland, Bulgaria, Jugoslavia, Kongo, Noreg, Romania, Sovjetunionen, Sør-Korea, Tsjekkoslovakia, Ungarn, USA, Vest-Tyskland.

Sovjetunionen sitt mannskap vart verdsmeistrar etter å ha teke 8 av 10 poeng i finalerunda. Ungarn tok sølv og Jugoslavia bronse, begge med 7 poeng i finalerunda. Noreg kom på sjuandeplass etter å ha vunne B-pulja med 9 av 10 poeng.

Mellom spelarane i den sovjetiske troppa fann ein Marina Bazanova, Larisa Karlova, Ljubov Odinokova, Iryna Paltsjykova, Julija Safin, Sigita Strečen, Zinaida Turtsjina, Olha Zubarjeva og målvakta Natalia Mitrjuk.

Noregs tropp bestod av Turid Smedsgård, som vart kåra til meisterskapens beste målvakt, Linn Siri Jensen, Liv Kyvåg, Marit Breivik, Sissel Brenne Buchholdt, Kristin Glosimot, Hanne Hegh, Susanne Jensen, Wenche Jensen, Britt Johansen, Kristin Midthun, Åse Nygård, Ingunn Rise, Heidi Sundal og Ingunn Thomassen.

KjelderEndra