Maringeologi omfattar geofysisk, geokjemisk, sedimentologisk og paleontologisk utforsking av havbotn og områda utanfor kysten. Maringeologi har sterke band til fysisk oseanografi og platetektonikk.

Havskorpe vert forma ved ein midthavsrygg, medan litosfæren søkk ned i astenosfæren i gropene.

Studiar innan maringeologi var særs avgjerande for å finne viktige bevis for havbotnspreiing og platetektonikk i åra etter den andre verdskrigen. Djuphavsbotn er det siste området på jorda som er lite utforska og detaljert kartlegging for både militære (ubåtar) og økonomiske (petroleum og metall) føremål driv forskinga framover.

Kjelder endre