Opna hovudmenyen

Marit Julien (fødd 1958) er ein norsk lingvist og professor i nordisk språkvitskap ved Lunds universitet. Ho tok doktorgrad i allmenn språkvitskap ved Universitetet i Tromsø i 2000, med lingvistikk, nordisk og samisk som fag.

Marit Julien
Fødd1958
NasjonalitetNoreg
Yrkespråkforskar

ForskingEndra

SamiskEndra

Tema for både mastergraden og doktorgraden var nordsamisk syntaks. Tema i forskinga hennar har vore transitivitetsveksling og verbavleiing, men ho har også arbeidd med postposisjonsfrasar.

NordiskEndra

Marit Julien har primært forska på norsk, men også på svensk. Sentrale tema har vore nominalfrasestruktur, men ho har også arbeidd på setningsnivå, med V2-strukturar, adverbialsyntaks og langdistansebinding.

FormidlingEndra

Marit Julien har vore ein aktiv formidlar av spørsmål knytt til grammatikk, normering og språkriktigheit, både i allmenne tidsskrift, som Julien 2017b, og på sosiale menia, og dermed bidrege til auka innsikt i grammatikk og normering hos språkinteresserte lesarar.

Bibliografi (utval)Endra