Transitivitet viser i språkvitskap til at eit verb tek eit direkte objekt. Eit verb som tek eit direkte objekt, er såleis eit transitivt verb, t.d. kaste i ei setning som Ho kastar ballen, der ballen er det direkte objektet. Transitive verb står i motsetnad til intransitive verb, som ikkje tek direkte objekt. Verb som tek eitt objekt, blir kalla monotransitive, medan verb som tek to objekt, t.d. gje, blir kalla ditransitive (Ho gav dei ballen). Omgrepet transitiv kjem frå latin transire 'overføre' og viser til at noko blir overført frå ein deltakar til ein annan i den handlinga verbet uttrykker. Til dømes skjer det ei overføring av kraft mellom ho og ballen i Ho kastar ballen. Overføringa skjer typisk frå ein deltakar med den semantiske rolla agens til ein deltakar med den semantiske rolla patiens, og overføringa har typisk ein verknad på patiens-deltakaren. Eit vanleg kriterium for å rekne eit verb som transitivt er at det direkte objektet kan bli subjekt i ei tilsvarande passivsetning, t.d. svarar den aktive setninga Ho kastar ballen til den passive setninga Ballen blir kasta (av henne). Transitivitet er nærskyldt med omgrep som valens og subkategorisering, men refererer berre til direkte objekt, og ikkje til andre typar av verbkomplement.

Transitivitet knytt til setningar endre

Tradisjonelt blir transitivitet rekna som ein eigenskap ved verb, men transitivitet har òg vorte knytt til setningar som heilskap. Hopper & Thompson (1980) dekomponerte transitivitet i ulike komponentar og tok til orde for at transitivitet er eit graduelt fenomen knytt til setningar. I deira transitivitetsomgrep svarar høg og låg grad av transitivitet til høg og låg grad av følgjande komponentar:

  • Deltakarar (to eller fleire deltakarar gjev høg grad av transitivitet, éin deltakar gjev låg grad)
  • Rørsle (kinesis, større grad av rørsle gjev høgare grad av transitivitet)
  • Aspekt (teliske prosessar er meir transitive enn ateliske)
  • Punktualitet (punktuelle prosessar er meir transitive enn ikkje-punktuelle)
  • Viljekraft (volitionality, viljestyrte prosessar er meir transitive enn ikkje-viljestyrte)
  • Polaritet (affirmation, positive setningar er meir transitive enn negerte)
  • Modus (modusen realis er meir transitiv enn modusen irrealis)
  • Agentivitet (høgt handlingspotensiale hjå subjektet gjev høg grad av transitivitet)
  • Verknad på objektet (større grad av verknad på objektet gjev høgare grad av transitivitet)
  • Individualisering av objektet (meir individualisert objekt gjev høgare grad av transitivitet)

Referansar endre

  • Hopper, Paul & Sandra A Thompson. 1980. Transitivity in grammar and discourse. Language 56(2), 251-299.