Marit Kolby
Marit Kolby (fødd 30. september 1975) er ein norsk ernæringsbiolog, høgskolelektor og forfattar. Ho er blant anna kjend for sine fagbøker, spesielt den bestseljande debutboka Hva og når skal vi spise (2022),[1][2] og er høgskolelektor ved Oslo Nye Høyskole.
Marit Kolby | |||
Fødd | 30. september 1975 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | ernæringsforsker, lektor, forfattar | ||
Institusjonar | Oslo Nye Høyskole | ||
Alma mater | Noregs miljø- og biovitskaplege universitet Universitetet i Oslo |
Virke
endreKolby er høgskolelektor og forskar ved Oslo Nye Høyskole.[2] Ho har gjeve ut to bøker – ei kokebok og ei ernæringsfagbok – gjennom Frisk forlag, og driv ellers bloggen Matlyst! og ein Instagram-profil.[2] Innan ernæring kritiserer ho blant anna ultraprosessert mat.[1][2]
Kolby har tidlegare jobba med sal og administrasjon i i kleskjeda Vero Moda.[2]
Privatliv
endreKolby er fødd 30. september 1975.[2] Ho har to barn.[2] Systera Hanne Fisher er psykolog, og dei samarbeidde om den andre bokutgjevinga til Kolby, Kokeboka – hva skal vi spise?.[3][4]
Utdanninga til Kolby inkluderer ein bachelorgrad i matvitskap frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og ein mastergrad i ernæringsbiologi frå Universitetet i Oslo.[2][5]
Bibliografi
endre- Kokeboka – hva skal vi spise? (Frisk forlag, 2023) – med Hanne Fisher
- Hva og når skal vi spise? (Frisk forlag, 2022)
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Bjerkholdt, Bettina Olie (25. mai 2023). «Krangler om ultraprosessert mat: – En hype, sier fedmeekspert». NRK (på norsk bokmål). Henta 6. mars 2024. «Marit Kolby er ernæringsbiolog og forfatter av bestselgeren 'Hva og når skal vi spise?' som er solgt i 55.000 eksemplarer.»
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Jenssen, Hugo Lauritz (9. september 2022). «Tar oppgjør med matindustri og kosthold: – Det er litt som et løpsk lokomotiv, dette (+)». www.dn.no (på norsk). Henta 6. mars 2024. (krev abonnement (help)).
- ↑ Breivik, Ingeborg Christensen (3. november 2023). «Det beste jeg vet med Marit Kolby». godt.no (på norsk bokmål). Henta 6. mars 2024.
- ↑ Steenberg, Nora (10. oktober 2023). «Tre opplag - før lansering». BOK365.no (på norsk bokmål). Henta 6. mars 2024. «Kokeboken er skrevet i samarbeid med Kolbys søster, psykologspesialist Hanne Fisher, [...]»
- ↑ «Marit Kolby». Oslo Nye Høyskole. Henta 6. mars 2024. Ansattprofil på Oslo Nye Høyskoles nettsted
- Denne artikkelen bygger på «Marit Kolby» frå Wikipedia på bokmål, den 9. mars 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- Forfattarprofil hos Frisk forlag
- Forfattarprofil hos Norli