Marit Westergaard
Marit Westergaard (fødd 12. august 1956) er ein norsk språkforskar fødd i Tromsø. Ho er professor i engelsk språkvitskap ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet og professor II ved NTNU i Trondheim.
Marit Westergaard | |||
Fødd | 12. august 1956 Tromsø kommune | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | lingvist, professor | ||
Institusjonar | Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Westergaard er Dr. Philos. i språkvitskap frå UiT – Noregs arktiske universitet. Ho har dessutan ein mastergrad i lingvistikk frå University of California, San Diego og er Cand. Philol. med faga tysk, engelsk og språkvitskap frå Bergen, Oslo og Tromsø.
Ho er leiar for fleire forskingsprosjekt, mellom anna for forskingsgruppa LAVA (Language Acquisition, Variation & Attrition) ved UiT.[1] Saman med professor Terje Lohndal ved NTNU leiar ho òg ei felles UiT/NTNU-forskingsgruppe, AcqVA (Acquisition, Variation & Attrition).[2] I perioden 2009–2012 var ho leiar for forskingssenteret CASTL (Center for Advanced Study in Theoretical Linguistics), eit av Noregs forskningsråd sin Senter for framragande forskning (SFF). Ho er òg leiar for forskingsprosjektet MiMS (Micro-variation in Multilingual Acquisition and Attrition Situations), støtta av Noregs forskingsråd (2016–2020). Forskingsmiljøet ved UiT/NTNU driv med forskningsformdiling om to- og flerspråklighet gjennom nettstaden Flere språk til flere.[3].
Kjelder
endre- ↑ «LAVA: Language Acquisition, Variation & Attrition». site.uit.no (på engelsk). Henta 5. mars 2017.
- ↑ «AcqVA: Acquisition, Variation & Attrition». site.uit.no (på engelsk). Henta 5. mars 2017.
- ↑ «FLERE SPRÅK TIL FLERE | RÅD OG INFORMASJON TIL FLERSPRÅKLIGE FAMILIER BASERT PÅ KUNNSKAP FRA FORSKNINGSFRONTEN». site.uit.no (på norsk bokmål). Henta 5. mars 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Marit Westergaard» frå Wikipedia på bokmål, den 30. mai 2019.
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjoner av Marit Westergaard i forskningsdokumentasjonssystemet CRIStin
- Publikasjoner av Marit Westergaard i BIBSYS