Marit Wiklund
norsk bilethoggar
Marit Wiklund (fødd 8. oktober 1945 i Trondheim) er ein norsk bilethoggar og teiknar. Ho har utført uttrykksfulle portretthovude av mellom andre Kjell Askildsen og Thomas Mürer (1975), ofte i betong, og har henta motiv frå mellom anna arbeidslivet (Tunnelarbeidere, 1980). Nasjonalmuseet/Museet for samtidskunst i Oslo eig to av skulpturane hennar. Av offentlege arbeid har ho mellom anna utført ei portrettstøtte i bronse av Edvard Grieg, oppført på Grev Wedels plass i Oslo (1993), Kong Olav 5. i Tromsø (1994), Dobbelttak, Granåsen skiarena i Trondheim (1997), bysta av Gunnar Jahn på Bankplassen i Oslo (1998), og relieff av tidlegare fylkesmann Anders Aune i Vadsø i 2008.
Marit Wiklund | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. oktober 1945 (79 år) Trondheim |
Yrke | bilethoggar, teiknar |
Kjelder
endre«Marit_Wiklund» i Store norske leksikon, snl.no.