Marit vassause
Marit vassause, òg kalla Marta vassause, er eit folkeleg namn på minnedagen for den heilage Margareta frå Antiokia, avmerkt på primstaven den 20. juli.
Primstavmerket er oftast eit hjul, som truleg viser til dødsmåten til Margareta. I folkeleg tradisjon vart hjulet omtydd til ei vassause. Vêret denne dagen vart halde som eit merke for vêret i resten av slåttonna eller for haustvêret. Nokre stader heiter det at Marit alltid har noko vatn i ausa si.
Det finst ikkje historisk dokumentasjon om den heilage Margareta, men ut frå legenda er det rekna med at ho lei martyrdøden i 290 under keisar Diokletian (284-305) i Antiokia i Pisidia (i dag ruinar nord for Yalvaç ved Aksehir i Tyrkia).
Tradisjonar
endreI Trondenes sa dei:
- Fekk ho Marit Vassausa noe i vassausa si, vart det vondt å få høyet tørt den sommeren.
Dette kan ein tolka som at om det regna denne dagen, blei det ein våt haust, noko som truleg har samanheng med dei såkalla hundedagane. Norsk folkekalender oppgjev dette om dagen:
- Da maa man ikke røre Aager og Eng,
- thi sker det faar man intet godt deraf.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Om merkedagar på nettsidene til Språkrådet
- Den katolske kyrkja om den heilage Margreta