Hundedagane

Hundedagane, også kalla røtmånad, er tida mellom 23. juli og 23. august. Hundedagane stammar frå oldtida i Egypt, men har funnest i europeisk folketru frå romersk tid. Opphavet til namnet skal vera at hundestjerna (Sirius) var synleg på himmelkvelvinga i denne perioden. Etter som dette er den varmaste perioden av året har hundedagane vore forbundne med at mat lett vert skjemt. Det er òg knytt mykje overtru til hundedagane.

Hundedagane har namn etter den klare hundestjerna Sirius, den klaraste stjerna på himmelen, som ein finn i stjernebildet Den store hunden.

I det gamle Egypt fann ein ut at hundestjerna tok til å stiga på himmelen samtidig som regntida tok til og Nilen byrja å stiga og den varmaste tida på året tok til. Ein meinte stjerna stod bak naturendringa, og kalla tida ho bar bod om for hundedagane.

FolketruEndra

Det var vanleg å spå om vêr i hundedagane, der den første hundedagen avgjorde, anten med at vêret ville vera like fint eller stygt i heile perioden, eller i andre område, at det ville bli motsett frå slik det var den første dagen. Nokre stader i Noreg heitte det at regn den siste hundedagen, Zakæus, ville vara i fire veker.

Folketrua sa også at mat oftare blei dårleg i denne tida og i Sverige vert hudedagane kalla rötmånaden. Mellom anna skulle ein unngå å eta fisk (med r i namnet), og det kunne vera vanskeleg å vispa fløyte til krem.

Vestlandet meinte ein at lik av drukna flaut til overflata i hundedagane. Hundar skulle også lettare bli ville på denne tida.

Sjå ògEndra

KjelderEndra