Marius Johnsen

norsk fotballspelar

Marius Johnsen (fødd 28. august 1981) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Kristiansand, best kjend for sine fem sesongar som Start-spelar. Han var jamnast forsvarsspelar. Målvakta Espen Johnsen er bror hans.

Marius Johnsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. august 1981 (42 år)
Kristiansand kommune
Idrett fotball

Karriere endre

Klubbspel endre

Marius Johnsen var aktiv i Vigør på nivå 4 til 2001. Frå 2002 til 2006 spelte han på IK Start sitt lag i vekselvis eliteserien og på nivå 2 i seriesystemet. Særleg utmerkte han seg frå 2003-sesongen, der han fram om alt imponerte med gode langskot. Med 8 mål i 2005-sesongen vart han Start sin toppskårar då laget enda på andreplass i eliteserien. Vårsesongen 2007 gjorde Johnsen teneste for FC Köln i tysk andredivisjon. I juni 2007 skreiv han kontrakt med Lillestrøm SK. Bortsett frå 2008-sesongen gjekk han mykje skadd, og la opp etter å ha spelt ein einaste seriekamp i 2010.

Landslagsspel endre

Johnsen deltok i fire landskampar i 2005 og to landskampar i 2006. Han fekk sin sjuande og siste landkamp 7. februar 2007 i Rijeka i Kroatia. Fem av desse kampane enda med norsk siger. Mellom anna mot Sverige på bortebane i 2005, og over Ungarn med 4–1 i ein EM-kvalifiseringskamp i Budapest 2. september 2006.

Merittar endre

  • Sølv i eliteserien: 2005 med IK Start

Kjelder endre