Marius Nygaard
Marius Nygaard (13. september 1838–7. februar 1912) var ein norsk skulemann og språkgranskar frå Bergen. Han var far til forleggjaren William Nygaard.
Marius Nygaard | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. september 1838 Bergen |
Død |
7. februar 1912 (73 år) |
Yrke | lingvist, skribent, filolog |
Språk | norsk, dansk |
Medlem av | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Liv og gjerning
endreNygaard vart student i 1855 og cand.philol. i 1861. Frå 1864 var han adjunkt og seinare overlærar i Kristiansand. I 1877 vart han rektor i Frederikshald. Til sist hadde han perioden 1894-1910 tilsvarande stilling i Drammen.
I yngre år var Nyggard med i målmanns-krinsen kring Henrik Krohn og Georg Grieg i fødebyen Bergen. Han gav i 1867 ut ei lita mållære: Kortfattet Fremstilling af det norske Landsmaals Grammatik, den fyrste i sitt slag etter Ivar Aasen. Vidare studerte Nygaard språkbruken i norrønt språk og gav i 1875 ut den mykje brukte læreboka Oldnorsk Læsebog for Begyndere. I 1905 kom det grunnlegjande verket Norrøn Syntax. Nygaard gjorde førearbeidet til 1907-rettskrivinga for riksmålet.
Nygaard døydde i Kristiania.
Kjelder
endre- Norsk Allkunnebok, IX. bandet, 1959. [1]
Bakgrunnsstoff
endre- Marius Nygaard på Allkunne
- Digitaliserte bøker av Marius Nygaard hjå Nasjonalbiblioteket