Mark Paston

nyzealandsk fotballspelar

Mark Nelson Paston (fødd 13. desember 1976) er ein newzealandsk fotballspelar som har spela som keeper for Wellington Phoenix i den felles australsk-newzealandske ligaen A League, og for New Zealand sitt landslag. Han vart fødd i Hastings i Hawke's Bay-regionen på Nordøya på New Zealand.

Mark Paston
Personleg informasjon
Fødd 13. desember 1976
Fødestad Hastings
Høgd 195 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Wellington Phoenix
Nummer 1
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1997-2003
2003-04
2004-05
2005-06
2006-07

2007-
New Zealand Napier City Rovers
Bradford City
Walsall
Skottland St. Johnstone
New Zealand New Zealand Knights
New Zealand Wellington Phoenix
(0)
13 (0)
9 (0)
2 (0)
10 (0)

23 (0)
Landslag
1997- New Zealand New Zealand 20 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. desember 2009
‡ Landslagsmål oppdatert 15. november 2009

Klubbkarriere endre

Paston sin første seniorklubb hans var Napier City Rovers. I 2003 drog han til England, der han i 2003/04-sesongen spelte for Bradford City i the Championship, det nest øvste nivået i engelsk fotball. Han fekk 13 ligakampar for Bradford, som rykte ned same året. I 2004/05-sesongen gjekk han til Walsall i 1. divisjon (det tredje øvste nivået i engelsk fotball), der han berre fekk 9 kampar. Før 2005/06-sesongen flytta han på seg igjen, denne gong til St. Johnstone i skotsk 1. divisjon, det nest øvste nivået der, men her fekk han berre 2 seriekampar.

I 2006 vende Paston heim til New Zealand, til New Zealand Knights, som var det einaste profesjonelle fotballaget i landet, og som spelte i den australske "A League". Då denne klubben vart oppløyst i 2007 og erstatta i A League av den nye klubben Wellington Phoenix, gjekk Paston over til Phoenix. Han var ofte andrekeeper på laget, men då Glen Moss drog til Melbourne Victory vart Paston førstekeeper.

Landslagskarriere endre

Paston debuterte for New Zealand sitt landslag som 20-åring i eit 5-0-tap mot Indonesia 21. september 1997. Han spelte ikkje for A-landslaget igjen før 2003. Sidan då har han konkurrert med Glen Moss om plassen som landslagskeeper. I Confederations Cup 2009 var han med i New Zealand sin tropp, men var unytta reserve for Moss. Moss vart utvist og suspendert for fire kampar i den siste kampen i gruppespelet i kvalifiseringa til fotball-VM i 2010.[1] Dermed fekk Paston spela dei to avgjerande playoff-kampane mot Bahrain. Han heldt buret reint i begge kampane, og under heimekampen redda han ein straffe og vart kåra til banens beste. New Zealand kvalifiserte seg dermed til fotball-VM for første gong sidan 1982.

Referansar endre

  1. Grantley Bernard (5 November 2009). «Moss Sees Red». Herald Sun. Henta 10. november 2009.