Marknadshall

Marknadshall er ein hallbygning der ein kan selje ulike varer. Dette kan vera næringsmiddel som kjøt, fisk, skaldyr, frukt og grønt, delikatesser, krydder og blomar. I moderne marknadshallar finst ofte også mindre restaurantar og kafear. Ein kan selja til storforbrukarar som butikkar og restaurantar eller til allmugen.

Den store marknadshallen i Budapest i 2005.

HistorikkEndra

 
Köttorgshallen, interiør, 1952.

Forløparen til marknadshallane var den opne torghandelen som gjekk føre seg på sentrale plassar i større byar. Mange stader delte ein opp denne handelen i to produktkategoriar. Fisk blei selt på ein særskild stad og kjøt på ein annan. I Europa byrja ein på andre halvdelen av 1800-talet å overføra visse typar torghandel til meir hygieniske marknadshallar med vern mot vêr og vind. Slike hadde lenge blitt oppførte i sørlege Europa og viste seg ha ein gunstig effekt på saniteten. Hovudgrunnen var stadige epidemiar av sjukdommar som kolera. I marknadshallen kunne ein betre verna matvarer mot vêr og vind, insekt, rotter og andre skadedyr. Handhygienen kunne også forbetrast i ein hall med tilgang til rennande vatn.

Utviklinga innan torg- og marknadhallshandel av ferskvarer på slutten på 1800-talet kom å gå til to vegar. Ein type sal var direkte retta til konsumenten, detaljhandel, og ein mot butikkar, engroshandel. Dette inneber at ein del marknadshallar ikkje er opne for allmugen.

I Sverige tredde 1. januar 1914 innan ei ny lov (plasshandelsforbodet) som forbaud all utandørs torghandel med kjøt, fisk, brød og mjølkeprodukt. Dei fleste næringsmiddelseljarane flytta då til dei ulike marknadshallane som fanst i byane.

Ein marknadshall skulle vera høg og luftig og dessutan med tjukke vegger slik at varmen om sommaren og kulda om vinteren kunne stengast ute. Først var veggane av stein. Ved bygginga av Östermalms saluhall i Stockholm tok ein òg i bruk nye byggemateriale med veggar av teglstein og ein komplisert indre støypejernskonstruksjon til den luftige takkonstruksjonen. Arkitektane til hallen var Isak Gustaf Clason og Kasper Salin og han er i dag rekna som ein av dei finaste teglbygningane i Stockholm frå seint 1800-tal.

BileteEndra

ReferansarEndra