Marlon Devonish (fødd 1. juni 1976) er ein britisk friidrettsutøvar som i 2004 var med om å vinne OL-gull i 4 x 100 meter stafett, saman med Jason Gardener, Darren Campbell og Mark Lewis-Francis. Også då Storbritannia to år seinare vann EM-gull i øvinga, sprang Devonish tredjeetappen. Indidviduelt vann han bronsemedaljen på 200 meter ved EM i friidrett 2002 i München, ein prestasjon han kopierte under europameisterskapen i Göteborg fire år seinare. Devonish sine personbeste tider på 100 og 200 meter er 10,06 og 20,19 sekund.

Marlon Devonish


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 1. juni 1976 (48 år)
Coventry
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 2010, Samveldeleikane 2006

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen

Kjelder

endre
  Denne idrettsartikkelen som har med Storbritannia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.