Darren Campbell

britisk fotballspelar

Darren Campbell (fødd 12. september 1973) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå Manchester. Han vart europameister på 100 meter i 1998 og vann OL-sølv på 200 meter i 2000 og stafettgull med Storbritannia under Sommar-OL 2004 i Aten. Han sikra seg elles to EM-gull, 1998 og 2006, med Storbritannia i stafett, samt EM-sølv 2002 og VM-bronse 2003 på 100 m.

Darren Campbell


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 12. september 1973 (50 år)
Moss Side
Idrett friidrett, fotball
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 2006

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen

Aktiv endre

Campbell sprang ein av etappane for det britiske laget som kneip bronsemedaljen på den korte stafetten då VM 1997 fann stad i Aten. Året etter presterte han sitt liv beste 100 meter i EM-finalen i Budapest, med tida 10,04 sekund slo han sølvvinnar Dwain Chambers med seks tidels sekund. Seinare i meisterskapen var dei same to karane med om å vinne den korte stafetten. I 1999 fekk Campbell sølv på 4 x 100 stafett ved VM i Sevilla. Under dei olympiske sommarleikane i Sydney sette han personbeste på 200 meter med 20,13 i kvartfinalane. I finalen han så i mål på 20,14 sekund og tok sølvmedaljen, vinnaren Konstantinos Kenteris brukte 20,09 sekund.

I 2002 vart Campbell andremann på 100 m ved EM i München, klart slått av nigeriansk-portugisiske Francis Obikwelu. Under Friidretts-VM 2003 i Paris enda Campbell opp med bronse på 100 meter, på same tid som sølvmedaljøren og 0,01 sekund bakom gullvinnar Kim Collins. Dagar seinare vart Campbell nummer 4 på 200 m, 0,01 bakom bronsevinnaren.

Campbell vart olympisk meister 2004 og europameister 2006 i 4 x 100 meter stafett. I begge tilfella var han på lag med Marlon Devonish og Mark Lewis-Francis.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • OL 1996 i Atlanta: Braut 4 x 100 m stafett
  • VM 1997 i Aten: Bronse i 4 x 100 m stafett (38,14). Utslått i semifinalane på 100 m (10,37=nr 16)
  • EM 1998 i Budapest: Gull på 100 m – 10,04, og i 4 x 100 m stafett (38,52)
  • VM 1999 i Sevilla: Sølv i 4 x 100 m stafett (37,73). Utslått i semifinalane på 100 m (10,15=nr 10)
  • OL 2000 i Sydney: Sølv på 200 m – 20,14. Nr 6 på 100 m – 10,13
  • EM 2002 i München: Sølv på 100 m – 10,15. Diskvalifisert i kvartfinalane på 200 m (=nr 23) og i 4 x 100 m stafett
  • VM 2003 i Paris: Bronse på 100 m – 10,08 og nr 4 på 200 m – 20,39. Diskvalifisert i 4 x 100 m stafett
  • OL 2004 i Aten: Gull i 4 x 100 m stafett (38,07). Utslått i semifinalane på 200 m (20,89=nr 15) og i forsøka på 100 m (10,35=nr 36)
  • EM 2006 i Göteborg: Gullmedalje i 4 x 100 m stafett (38,91)

Kjelder endre