Martens, Olsen & Co

Martens, Olsen & Co var eit skipsverft i Laksevåg kommune, i dag i Bergen, som vart skipa i 1882 av ingeniørane Daniel G. Martens og Olaf. M. Olsen etter at dei kjøpte Laxevaags Værk, som vart grunnlagd i 1855 på Tørrisneset. Dei leigde i tillegg Graneverftet, som vart grunnlagd i 1805 i Sørevågen, i 10 år, og Laxevaags Dok. Med ei stor omlegging vart det skapet eit stort, moderne jerndampskipsbyggeri, som i løpet vart kort tid vart det største industrianlegget i landet med 1500 tilsette.

Martens, Olsen & Co ca. 1885

I tillegg til anlegga dei hadde tilgang til med Graneverftet og Laxevaags Dok, hadde eigedomen kaiplass og kjelekran for innsetting av maskineri i skip. Graneverftet var derimot gammalt og rekna for bygging av treseglskip, så det var krav til store endringar for å kunne bygge jerndampskip. Føretaket gjekk derfor konkurs i 1886 og vart omorganisert som Laxevaags Maskin- og Jernskibsbyggeri.

Kjelder endre