Martha Johannessen

norsk politikar

Martha Frederikke Johannessen (fødd 26. oktober 1907 i Torsnes, daud 4. september 1973) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho representerte ØstfoldStortinget i fire periodar frå 1958.

Martha Johannessen
Fødd26. oktober 1907
Torsnes
Død4. september 1973 (65 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

I ungdomen jobba Johannessen som ekspeditør. Seinare var ho husmor. Etter andre verdskrig tok ho bibliotekutdanning og arbeidde som bibliotekar fram til ho vart fast innvald på Stortinget i 1958. I perioden 1954–57 var ho vararepresentant. I sine tre første periodar var ho medlem av Odelstinget og kyrkje- og undervisingskomiteen, i den siste av Lagtinget og sosialkomiteen. Ho døydde kort tid før utløpet av siste periode.

Johannessen var medlem av Torsnes kommunestyre og kommunen sin varaordfører frå 1956 til 1963 og medlem av Borge kommunestyre frå 1964 til 1967.

KjelderEndra

  • Terje Nordby (red.): Storting og regjering 1945–1985. Biografier, Kunnskapsforlaget 1985.