Martin Ødegaard
Martin Ødegaard (fødd 17. desember 1998) er ein norsk fotballspelar for den spanske klubben Real Madrid CF. Han har spelt for det norske herrelandslaget i fotball som den yngste nokonsinne (15 år). Ødegaard mottok Gullballen som Noregs beste mannlege fotballspelar for 2019.
![]() | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Martin Ødegaard | ||
Fødd | 17. desember 1998 | ||
Fødestad | Drammen | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Real Madrid | ||
Ungdomsklubbar | |||
–2009 | Drammen Strong | ||
2009–2014 | Strømsgodset | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
2014–2015 | Strømsgodset | (5) | |
2015– | Real Madrid | 1 | (0) |
2015–2017 | Castilla | 62 | (5) |
2017–2018 | → Heerenveen (lån) | 38 | (3) |
2018–2019 | → Vitesse (lån) | 31 | (8) |
2019–2020 | → Real Sociedad (lån) | 31 | (4) |
Landslag | |||
2013 | Noreg U15 | 2 | (0) |
2013 | Noreg U16 2 | 3 | (0) |
2013 | Noreg U16 | 3 | (0) |
2014 | Noreg U17 | 4 | (0) |
2014– | Noreg U21 | 18 | (5) |
2015– | Noreg | 22 | (1) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 19. juli 2020 ‡ Landslagsmål oppdatert 15. oktober 2019[1] |
Han har kontrakt med Real Madrid, og var på utlån hos Real Sociedad i 2019/20-sesongen.[2][3]
Ødegaard spelte i 2014-sesongen på Strømsgodset Idrettsforening i norsk eliteserie. I januar 2015 vart han overført til den spanske storklubben Real Madrid, der han var med i ein seriekamp på tampen av 2014/15-sesongen. Elles har han pr april 2016 spelt på tredjenivå-laget Real Madrid Castilla, som er B-laget til Real Madrid.
Martin Ødegaard er son til den tidlegare fotballspelaren Hans Erik Ødegaard.
KjelderEndra
- ↑ «Martin Ødegaards profil». Norges Fotballforbund. 3. desember 2015. Henta 3. desember 2015.
- ↑ Real Sociedad bekrefter: Martin Ødegaard returnerer til Real Madrid (12. august 2020) Vg.no.
- ↑ Ødeaard ikke med Real Sociedad. Vg.no. Vitja 12. august 2020.