Opna hovudmenyen

Martin Engeset (fødd 20. juli 1964) er ein norsk Høgre-politikar frå Oslo. Han var innvald på Stortinget frå Østfold 2001–2009, og var 2. vararepresentant 1985–1989, og dessutan 1. vararepresentant 1993–1997.

Martin Engeset
Martin Engeset.JPG
Fødd 20. juli 1964
Yrke politikar
Martin Engeset på Commons

Engeset har bakgrunn frå siviløkonomistudiar ved Bedriftsøkonomisk Institutt, men leverte aldri diplomoppgåva, og arbeidde som revisjonsmedarbeider 1988–1995. Frå 1995 til 2001 hadde han eit deltidsengasjement som sekretariatsleiar for Noregs Råvaregjenvinningsforening (NR).

På Østfold Høgres årsmøte 22. november 2008 vart det klårt at Engeset tapte kampen mot Ingjerd Schou, sosialminister i Kjell Magne Bondeviks andre regjering, med 28 mot 29 stemmar. Engeset gjorde det då klårt at han ikkje ynskte å stilla på andreplassen, og annonserte samstundes at han med dette trekkjer seg frå rikspolitikken etter valet i 2009. Han er frå 2007 valt som leiar av kontrollutvalet i Sarpsborg kommune.

StortingskomitearEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra