Martin Kellerman

svensk teikneserieskapar

Martin Kellerman (fødd 24. desember 1973) er ein svensk teikneserieskapar. Kellerman er fødd og oppvaksen i Växjö, men budde ei tid i Nord-Noreg før familien flytta til Upplands-Väsby då han var 13 år. Det var på denne tida han byrja å selje sine eigne teikneseriar. Den mest kjende serien hans er Rocky, om ein om lag 30 år gamal serieteiknade og hiphopelskande hund som bur i Stockholm.

Martin Kellerman

Statsborgarskap Sverige
Fødd 24. desember 1973 (50 år)
Växjö
Yrke teikneserieteiknar, sjølvbiograf, teikneserieskapar
Martin Kellerman på Commons

Rocky har vorte publisert i svenske aviser sidan 1998, og har også fått eigne albumutgjevingar og sitt eige teikneserieblad i Sverige. Serien har også vorte publisert i Norden elles, i tillegg til i Slovenia, Sveits, Spania og Italia. I USA har det vorte gjeve ut eit album.

Konseptet og figurane har også vorte nytta i eit skodespel som vart sett av til saman 40 000 i Stockholm. Kellerman skreiv både manus og hadde regien. Stykket vart fyrste gong sett opp i Noreg av Nordland Teater i Mo i Rana og vart i 2004 også sett opp i Oslo.

Norsk bibliografi endre

  • 2005: Rocky: The Big Payback (første samlebok utgjeven i Noreg), ISBN 82-509-5410-6
  • 2006: Rocky: Bok II

Prisar og utmerkingar endre

(utval)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre