Opna hovudmenyen

Martin Lewis Perl

amerikansk ingeniør og fysikar
(Omdirigert frå Martin L. Perl)

Martin L. Perl, (fødd 24. juni 1927) er ein amerikansk fysikar og nobelprisvinnar. Han vart tildelt 1995 «for oppdaginga av tau, og for banebrytande bidrag til leptonfysikk». Perl delte prisen med sin landsmann Frederick Reines.

Martin Lewis Perl
Martin Perl - tau.jpg
Martin Lewis Perl
Fødd24. juni 1927 (92 år)
Brooklyn i New York
Død30. september 2014
NasjonalitetAmerikansk
Områdefysikk
Yrkefysikar, ingeniør, universitetslærar
InstitusjonarUniversity of Michigan
Alma materColumbia University
DoktorgradsrettleiarIsidor Isaac Rabi
Kjend fortau lepton
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
American Physical Society

Perl tok eksamen som kjemiingeniør ved Polytechnic Institute i Brooklyn i 1948. Deretter gjekk han over til fysikk og tok ein filosofisk doktorgrad ved Columbia University i 1955.

Perl oppdaga tauonen som er ein tyngre slekting av elektron. Oppdaginga innebar det første teiknet på at ein tredje «familie» av fundamentale partiklar eksisterte. Eksistensen av den tredje familien har stor tyding for fysikarnes tiltro til dagens teoretiske modell, den såkalla standardmodellen. Utan den tredje familien skulle modellen ha vore ufullstendig.

I 2009 mottok Perl ein æresdoktorgrad frå Universitetet i Beograd.[1]

KjelderEndra

  1. «Promovisani počasni doktori Beogradskog univerziteta - RADIO-TELEVIZIJA VOJVODINE». Rtv.rs. 20. oktober 2009. Henta 8. september 2011.