Martin Larsen
Martin Olaus Larsen (29. mars 1844–12. juni 1927) var ein norsk lærar, lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Rakkestad. Han representerte Venstre.
Martin Larsen | |||
Fødd | 29. mars 1844 Rakkestad kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 12. juni 1927 (83 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | bonde, bankier, politikar | ||
Alle verv |
|
Larsen var son til ein fargar. Han tok eksamen frå lærarskule i Rakkestad i 1867. Dei to neste åra var han lærar i heimbygda, deretter var han i tolv år privatlærar på Furuholmen i Varteig. Tida 1881-1911 var han lensmann i Varteig, samstundes var han gardbrukar. Han var medlem av heradsstyret i Varteig i 20 år og forlikskommissær i 22 år. Frå 1896 var han banksjef i Varteig Sparebank.
Larsen var 1. representant frå Smaalenenes amt i perioden 1892-94 og for Tune krins i 1906-09. Han var medlem av gasje- og pensjonskomiteen 1892-93 og 1906-09, i 1894 var han medlem av sosialkomiteen.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Vilhelm Haffner (1949). Stortinget og statsrådet : 1915-1945. B. 1 : Biografier : med tillegg til Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Oslo: [Aschehoug]. s. 32.