Martin Peters

britisk fotballspelar

Martin Stanford Peters (fødd 8. november 1943, daud 21. desember 2019) var ein britisk-engelsk tidlegare fotballspelar frå London som vart verdsmeister med England under VM i fotball 1966 på heimebane. Han spelte i mange sesongar på London-klubbane West Ham United og Tottenham Hotspur.

Martin Peters
Fødd 8. november 1943
Fødestad London
Død 21. desember 2019
Dødsstad London

Peters debuterte på West Ham påska 1962. Dei neste åtte åra var han ein drivande midtbanespelar/veng i West Ham, der han var lagkamerat med mellom andre Bobby Moore og Geoff Hurst. Han fekk likevel ikkje spele finalen i FA-cupen 1964 då West Ham sigra med 3-2 over Preston. Året etter var han sterkt delaktig då West Ham vann Cupvinnarcupen. I mars 1970 vart han overført til byrivalen Tottenham for rekordsummen 200 000 pund. Med Tottenham vann han ligacupen 1971 og 1973, i det mellomliggjande året vann laget UEFA-cupen. Etter nøyaktig fem år i Tottenham, gjekk turen til Norwich City og fem sesongar med klubben frå Aust-England.

Peters debuterte på England sitt landslag mot Jugoslavia på Wembley stadion i mai 1966. Med eit par gode kampar fekk han plass i VM-troppa. Frå og med andre kampen i fotball-VM 1966 hadde han fast plass på venstrevengen i den engelske lagoppstillinga. I VM-finalen gav Peters England leiinga 2-1, i ein kamp mot Vest-Tyskland som enda med 4-2-siger til heimelaget. Peters deltok også i fotball-VM 1970 i Mexico. Fram til 1974 spelte han 67 landskampar og skåra 20 mål.

Kjelder endre