Martina Beck
Martina Beck (fødd Martina Glagow, (fødd 21. september 1979) i Garmisch-Partenkirchen i Bayern i Tyskland) er ein tysk skiskyttar. Ho er verdsmeister på jaktstart frå VM i Khanty-Mansijsk i 2003 og vann verdscupen samanlagt i 2002/03-sesongen.
Martina Beck | |
![]() | |
Fødd | 21. september 1979 (41 år) Garmisch-Partenkirchen |
Yrke | skiskyttar, politibetjent |
Martina Beck på Commons |
Alt som junior vart Glagow fire gonger verdsmeister. Gjennombrotet som senior kom i VM i Pokljuka i 2001, då ho kom på andreplass på fellesstarten. 2002/03-sesongen vart den største sesongen hennar so langt, då ho først vart verdsmeister på jaktstart i VM i Khanty-Mansijsk, og så vann verdscupen samanlagt, som første tyske kvinne.
Ved VM i Hochfilzen i 2004 vart ho òg beste tyske kvinne, med sølv på jaktstart og bronse på sprint og stafett. I 2005 kunne ho ikkje delta i VM i Hochfilzen grunna sjukdom. Ho var med på det tyske laget til OL i Torino i 2006, der ho tok tre sølvmedaljar. Ho bur i Mittenwald, nær Garmisch-Partenkirchen.
Kortfatta merittlisteEndra
(pr. 28. februar 2006)
- Verdscupen samanlagt:
- 1.plass (2002/03)
- Verdsmeisterskap:
- 1 gull (jaktstart, 2003), 2 sølv, 3 bronse
- Olympiske leikar:
- 3 sølv (15 kilometer, jaktstart og stafett, Torino 2006)
- Verdscuprenn:
- 7 gull, 9 sølv, 10 bronse