Martyn Ford

Martyn Ford (fødd i 1944) er ein engelsk musikar, dirigent og musikarrangør som er mest kjend for orkesterbidraga sine til rockealbum i 1970- og 1980-åra.

Martyn Ford
Fødd1944 (77 år)
OpphavStorbritannia
Verka somdirigent

Ford var klassisk opplært og studerte valthorn ved Royal Academy of Music. Her skipa han sitt eige orkester, som debuterte i Royal Albert Hall nokre månader etter han var ferdig med eksamen.[1] Han fann så arbeid som arrangør og dirigent for artistar som Caravan, Bryan Ferry, Ginger Baker, Johnny Nash, Three Man Army, Japan og Elton John, i tillegg til filmen Tommy. Han spelte òg horn for Spencer Davis Group tidleg på tiåret. Han samarbeidd med Andrew Lloyd Webber og Tim Rice om å laga den første albumutgåva av Jesus Christ Superstar.[2]

Med sitt eige Martyn Ford Orchestra spelte han inn albumet Smoovin i 1976 med Mike Moran, Ann Odell, Simon Phillips, Morris Pert, John Gustafson og Mel Collins. Dei fekk hitten «Let Your Body Go Downtown», som nådde 38. plassen på den britiske singellista i 1977.[3]

I 1980-åra arbeidde han mellom andre med Kate Bush, Phil Collins og Dave Davies.

KjelderEndra

  1. Bruce Eder, Martyn Ford at AllMusic
  2. «Martyn Ford Conductor and Music Director», www.martynford.co.uk, henta 30. juni 2020 
  3. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19. utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 208. ISBN 1-904994-10-5. 

BakgrunnsstoffEndra