Harvey Fuqua
amerikansk songar og musikkprodusent
Harvey Fuqua (27. juli 1929–6. juli 2010) var ein USA-amerikansk rhythm-and-blues-songar, låtskrivar, plateprodusent og plateselskapssjef.
Harvey Fuqua | |||
Fødd | 27. juli 1929 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Louisville i Kentucky i USA | ||
Død | 6. juli 2010 (80 år) | ||
Dødsstad | Detroit i Michigan i USA | ||
Fødenamn | Harvey Fuqua | ||
Alias | Harry Pratt | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1951–2000 | ||
Sjanger | R&B, doo-wop, soul | ||
Instrument | Vokal | ||
Stemmetype | baryton | ||
Tilknytte artistar | The Moonglows, Etta James, Marvin Gaye, Tammi Terrell, Spinners, Johnny Bristol, New Birth, Sylvester | ||
Plateselskap | Chess, Motown (Tamla-Motown), RCA, Fantasy | ||
Verka som | Songar, låtskrivar, plateprodusent, plateselskapssjef | ||
Gift med | Gwen Gordy Fuqua |
Fuqua grunnla R&B/doo-wop-gruppa Moonglows i 1950-åra. Han er kjend som ein av nøkkelpersonane i utviklinga av selskapet Motown i Detroit i Michigan. Gruppa hans gav Marvin Gaye ein start på sin musikkarriere. Fuqua og kona hans på den tida, Gwen Gordy, distribuerte den første hitsingelen til Motown, Barrett Strong sin «Money (That's What I Want)», på selskapet sitt, Anna Records. Fuqua selde seinare Anna Records til broren til Gwen, Berry Gordy, og vart låtskrivar og sjef i Motown. Han var nevø av Charlie Fuqua i Ink Spots og onkelen til filmskaparen Antoine Fuqua.
Diskografi
endreÅr | A-side | B-side | Selskap og nummmer | Merknad |
---|---|---|---|---|
1959 | «I Want Somebody» | «Da Da Goo Goo» | Chess 1713 | |
1959 | «Twelve Months of the Year» | «Don't Be Afraid of Love» | Chess 1725 | |
1960 | «Blue Skies» | «Ooh, Ouch, Stop» | Chess 1748 | |
1960 | «If I Can't Have You» | «My Heart Cries» | Chess 1760 | Duett med Etta James |
1960 | «Spoonful» | «It's a Cryin' Shame» | Chess 1771 | Duett med Etta James |
1961 | «The First Time» | «Mama» | Chess 1781 | |
1962 | «What Can You Do Now» | «Will I Do» | Harvey 121 | Duett med Ann Bogan |
1962 | «Any Way You Wanta» | «She Loves Me So» | Tri-Phi 1017 | |
1963 | «Memories of You» | «Come On and Answer Me» | Tri-Phi 1024 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Harvey Fuqua» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juli 2017.
Bakgrunnsstoff
endre- Harvey Fuqua-diskografi på Discogs
- Harvey Fuqua ved The Internet Movie Database (IMDb)
- The Fuqua's Foundation for the S.T.A.R.S. Arkivert 2011-03-19 ved Wayback Machine.