Marwar er ein region som ligg sørvest og sentralt i delstaten Rajasthan i India. Namnet blir også som brukt som eit anna namn for fyrstestaten Jodhpur.[1] Store delar av området ligg i Tharørkenen. Ordet maru er sanskrit for ørken, medan wad er eit ord for eit særskild område på rajasthani. Namnet «Marwar» kan dermed omsetjast til 'ørkentraktene'.[2] Ein må ikkje forveksla staden med Mewar (Udaipur), som ligg søraust i Rajasthan.

Kart over Marwar-regionen.
Festningen Mehrangarh i byen Jodhpur, sentrum i regionen Marwar

Regionen grensar til Jangladesh i nord, Dhundhar i nordaust, Ajmer i aust, Mewar i søraust, Godwar i sør, Sindh i sørvest og Jaisalmer-regionn i vest. Han omfattar dei noverande distrikta Barmer, Jalore, Jodhpur, Nagaur, Pali og delar av Sikar. Jodhpur er sentrum i regionen. Byen blei anlagt i 1459, og var hovudstad i Marwar-staten fram til 1949.[3] Andre byar som har vore rekna til regionen er Ajmer, Bikaner, Jaisalmer, Umarkot og Jainagar.[4]

Geografisk er Marwar stort sett danna av eit sandslettelandskap som ligg nordvest for Aravallifjella. Fjella stopper mykje av fukta frå sørvestmonsunen, som står for mykje av nedbøren i India. Den årlege nedbørsmengda i området er derfor lågt, frå 10 cm til 40 cm. Temperaturar varierer frå 48-50 °C om sommaren til under null om vinteren. Området like ved fjella er prega av eit tornekrattområde, medan resten av Marwar er del av Tharørkenen.

Luni-elva renn gjennom Marwar-slettene frå Pushkar-sjøen i Ajmer distrikt i sørvestleg retning før ho forsvinn i Rann of Kutch i Gujarat. Ho får tilførsle frå bielvar som renn frå Aravallifjella. Vatn frå elva og brunnar nær henne blir brukt til å vatna kveite- og byggavlingar.

Kjelder endre

  1. Barbara N. Ramusack: Indian Princes and Their States, Cambridge: Cambridge University Press, 2004, s. 20.
  2. Dr D K Taknet: Marwari Samaj aur Brij Mohan Birla, Indian Institute of Marwari Entrepreneurship, Jaipur, 1993, s. 20
  3. «Jodhpur». Store norske leksikon (på norsk). 28. september 2014. 
  4. «Marwar», Imperial Gazetteer of India, bd. 17, Oxford: Clarendon Press, 1908, s. 213.