Fyrstestaten Udaipur
Fyrstestaten Udaipur, også kjend som Mewar,[6] var ein sjølvstendig stat i Mewar-området i noverande Rajasthan i India. Han blei del av republikken India i 1949.
Mewar, Udaipur | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Grensene til staten Udaipur i 1909 | ||||
Hovudstad | ||||
Språk | Mewari[3] | |||
Religion | ||||
Styreform | monarki | |||
Historie | ||||
- Oppretta | ca. 734 | |||
- Opphøyrde | 1949 | |||
Areal | ||||
- 1901[4] | 33 030 km² | |||
- 1941[5] | 33 517 km² | |||
Innbyggjarar | ||||
- 1901[4] est. | 59 351 | |||
Folketettleik | 1,8 /km² | |||
- 1941[5] est. | 1 926 698 | |||
Folketettleik | 57,5 /km² |
Geografi
endreGrensene til staten har endra seg mykje gjennom hundreåra.[7] I 1941 hadde staten eit areal på 34 110 km² (omtrent tilsvarande dagens Nederland).[8][9] Frå staten inngjekk ein traktat med britane i 1818 til han blei del av India i 1949 gjekk grensene slik: Til det britisk-styrte distriktet Ajmer-Merwara i nord, til statane Jodhpur og Sirohi i vest, Idar i sørvest, Dungarpur, Banswara og Pratabgarh i sør, Bundi og Kotah i aust og Jaipur i aust.
Historie
endreMewar blei grunnlagd av Bappa Rawal, ein tidlegare leiar for Mori-kongen i Chittor, som fekk kontroll over Chittor rundt 728.[10]
I eit halvt hundreår fram til 1818 hadde styrkane til Holkar, Scindia og Amir Khan herja og plyndra Mewar, slik at både herskaren og folket var i fattigdom. Så tidleg som i 1805 bad maharana Bhim Singh av Mewar om assistanse frå britane, men den britiske traktaten av 1803 med Scindia gjorde at dei ikkje kunne gje nokon hjelp. I 1817 var britane blitt mykje meir interesserte i å alliera seg med radjput-herskarar, og Mewar og Det britiske austindiakompaniet skreiv under på ein traktat om «vennskap, allianse og sameining» den 13. januar 1818.[7][11]
Under traktaten gjekk dei britiske styresmaktene med på å verna Mewar sitt territorium. Til gjengjeld anerkjende Mewar britisk overherredøme, gjekk med på å ikkje inngå politiske samband med nabostatar, og skulle betala ein fjerdedel av inntektene sine som tributt i fem år, og tre åttandedelar i all framtid.[11]
Fyrstestaten fekk ei grunnlov 23. mai 1947.[12] Den siste herskaren av Udaipur skreiv under på ein avtale om å bli del av India den 7. april 1949.[13]
Herskarar
endreSisodia-dynastiet i Udaipur | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
- Bhim Singh (1778-1828)
- Jawan Singh (1828-1838)
- Sardar Singh (1838-1842)
- Swarup Singh (1842-1861)
- Shambhu Singh (1861-1874)
- Sajjan Singh (1874-1884)
- Fateh Singh (1884-1930)
- Bhupal Singh (1930-1956)
- Bhagwat Singh (1956-blei del av India i 1949)
- Mahendra Singh
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Bhattacharya, A.N. (2000). Human Geography of Mewar. Himanshu Publications.
- ↑ Agarwal, B.D. (1979). Rajasthan District Gazetteers, Udaipur. Jaipur: Directorate of District Gazetteers.
- ↑ 3,0 3,1 Ojha, Gaurishankar Hirachand (1990). उदयपुर राज्य का इतिहास [History of Udaipur State]. Rajasthani Granthagar.
- ↑ Bannerman, A.D. (1902). Census of India 1901, Vol. XXV-A, Rajputana, Part II Imperial Tables (PDF). Newal Kishore Press.
- ↑ Dashora, Yamunalal. Mewar in 1941 or A Summary of Census Statistics. R.C. Sharma.
- ↑ Agarwal, B.D. (1979). Rajasthan District Gazetteers: Udaipur. Jaipur: Government of Rajasthan. s. 230.
- ↑ 7,0 7,1 Gupta, R.K.; Bakshi, S.R., red. (2008). Studies in Indian History: Rajasthan Through the Ages Vol. 5. New Delhi: Sarup & Sons. s. 64. ISBN 978-81-7625-841-8.
- ↑ «The World Factbook: Netherlands». Central Intelligence Agency. Arkivert frå originalen 15. mai 2020. Henta 22 December 2017.
- ↑ Dashora, Yamunalal (1942). Census of Mewar, 1941. Alwar: Sharma Bros.
- ↑ Vaidya, C.V. (1924). History Of Mediaeval Hindu India II. Poona: The Oriental Book Supplying Agency. s. 75.
- ↑ 11,0 11,1 Aitchison, C.U. (1909). A Collection of Treaties, Engagements and Sanads Relating to India and Neighbouring Countries Vol. III. Calcutta: Superintendent Government Printing, India. s. 10–32.
- ↑ Darda, D.S. From Feudalism to Democracy. New Delhi: S. Chand & Co. (Pvt.) Ltd.
- ↑ Princely States of India
- Denne artikkelen bygger på «Udaipur State» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mars 2019.
Bakgrunnsstoff
endre- The Kingdom of Mewar: great struggles and glory of the world's oldest ruling dynasty, by Irmgard Meininger. D.K. Printworld, 2000. ISBN 81-246-0144-5.
- Costumes of the rulers of Mewar: with patterns and construction techniques, by Pushpa Rani Mathur. Abhinav Publications, 1994. ISBN 81-7017-293-4.