Mary Black
irsk songar
Mary Black (fødd 23. mai 1955)[1] er ein irsk visesongar. Ho er kjend som ein tolkar av både tradisjonelle viser og moderne songar, som har gjort ho til ein stor plateartist i heimlandet Irland.[2]
Mary Black | |||
Black i Olympia Theatre i Dublin i 2005 | |||
Fødd | 23. mai 1955 (69 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Dublin i Irland | ||
Opphav | Irland | ||
Aktiv | Sidan 1975 | ||
Sjanger | Keltisk, folk, country, | ||
Instrument | vokal | ||
Tilknytte artistar | Frances Black, The Black Family, De Dannan, The Coronas, Róisín O | ||
Verka som | Songar | ||
Born | Danny O'Reilly, Róisín O |
Black byrja i visegruppa General Humbert i 1975, og byrja å samarbeide med Declan Sinnott i 1982[3] før ho spelte inn det første soloalbumet sitt, Mary Black same året. Black spelte så med det tradisjonelle irske bandet De Dannan, og fortsette parallelt solokarrieren sin gjennom 1980-åra.
Black spelte inn to duettar med den amerikanske visesongaren Joan Baez våren 1995 for Baez-albumet Ring Them Bells.
Diskografi
endreStudioalbum
endre- Mary Black (1982)[4]
- Collected (1984)[5]
- Without the Fanfare (1985)
- By the Time It Gets Dark (1987)
- No Frontiers (1989)
- Babes in the Wood (1991)
- The Holy Ground (1993)
- Circus (1995)
- Shine (1997)
- Speaking with the Angel (1999)
- Full Tide (2005)
- Stories from the Steeples (2011)
- By The Time It Gets Dark - 30th Anniversary Edition (2017)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Mary Black» frå Wikipedia på engelsk, den 21. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Sunday Tribune, 30. oktober 2005, quoted at «Mary Black's official home page».
- ↑ «Mary Black Biography». House-of-music.com. Henta 3. mai 2012.
- ↑ «Declan Sinnott: Guitar star hits the right chords». Independent Newspapers (Ireland). 6. mai 2009.
- ↑ DARA 002. Side 1: Rose of Allendale; Lovin' You; Loving Hannah; My Donald; Crusader. Side 2: Anachie Gordon; Home; God Bless the Child; Rare's Hill
- ↑ DARA 010. Side 1: Song for Ireland; Mo Gille Mear; Men of Worth; Fare Thee Well My Own True Love; She Moved Thru' the Fair. Side 2: Both sides the Tweed; Hard Times (Come Again); I Live not Where I Love; Isle of St. Helena; My Youngest Son Came Home Today