Mary Shelley

britisk skribent
(Omdirigert frå Mary Wollstonecraft Godwin)

Mary Wollstonecraft Shelley (30. august 17971. februar 1851) var ein britisk forfattar som er mest kjend for boka Frankenstein.

Mary Shelley

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia, Storbritannia
Fødd 30. august 1797
Somers Town
Død

1. februar 1851 (53 år)
Chester Square, Bournemouth

Yrke reiseforfattar, romanforfattar, essayist, skodespelforfattar, biograf, skribent, science fiction-forfattar, lyrikar, novelleforfattar
Språk engelsk
Sjanger reiseskildring, gotisk litteratur, gotisk roman, spekulativ fiksjon
Far William Godwin
Mor Mary Wollstonecraft
Ektefelle Percy Bysshe Shelley
Born Clara Everina Shelley, William Shelley, Percy Florence Shelley, Clara Shelley
Signatur
Mary Shelley på Commons

Mary var fødd i London av Mary Wollstonecraft, som døydde då Mary var ti dagar gamal, og William Godwin. Etter at faren gifta seg på ny i 1801 levde Mary ofte hos pleieforeldra i Skottland. Allereie 10 år gamal skreiv ho si første bok.

I 1814 rømte ho heimanfrå (History of a six weeks' tour) med poeten Percy Bysshe Shelley, og i 1816 gifta dei seg etter at den første kona hans hadde teke livet sitt. Same året (året utan sommar) drog dei saman med Mary si søster Claire til Sveits for å treffe Lord Byron. I løpet av sommaren var dei ofte i lag nattetider i Byron sin Villa Diodati. I skummelt torevêr las dei grøssarar for kvarandre. Byron sin livlege, John Polidori, var òg med.

Inspirert av desse nattlege fantasiane i kombinasjon med bruk av opiat, oppstod tanken om at dei sjølve kunne skrive liknande forteljingar. Berre Mary Shelley og John Polidori kom lenger enn til utkast. I 1818, ho var då 19 år gamal, gav ho ut Frankenstein, rekna for å vere den første science fiction-romanen. Året etter, i 1819 gav John Polidori ut romanen The Vampyre som seinare skulle inspirere Bram Stoker til romanen Dracula som var gjeven ut i 1897.

Frankenstein vart populær, Mary Shelley byrja difor å skrive fleire bøker. Av dei meir sentrale er The Last Man som handlar om menneska sin undergang i det 21. hundreåret.

Bibliografi

endre
  • History of a Six Weeks' Tour (1817)
  • Frankenstein or The Modern Prometheus (1818)
  • Valperga or The Life and Adventures of Castrussio, Price of Lucca (1823)
  • The Last Man (1826)
  • The Fortunes of Perkin Warbeck (1830)
  • Rambles in Germany and Italy in 1840, 1842 and 1843 (1844)

Filmar inspirert av Mary Shelley

endre

Bakgrunnsstoff

endre