Maskinentreprenørenes Forbund

Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) er ein bransje- og arbeidsgjevarorganisasjon med om lag 2 400 medlemsverksemder.[1] Dei fleste medlemmane driv anleggsverksemd med eigne maskinar, med nokre av medlemmane driv som entreprenørversemd med skogsmaskinar, eller med renovering og attvinning.

Maskinentreprenørenes Forbund
Org.nr.980037541
Skipa10. desember 1948
HovudkontorOslo kommune
LandNoreg
Adm.dir.Julie Brodtkorb (mai 2017)
Nettstadhttps://www.mef.no/ (norsk)

Medlemsføretaka har til saman over 40 000 tilsette og omsett for over 100 milliardar kroner i året.[1] MEF er medlem av Bygge-, anleggs- og eiendomsrådet (BAE-rådet) og har eigen hovudavtale med Landsorganisasjonen (LO) / Norsk Arbeidsmandsforbund (NAF) og tariffavtalar med NAF og Fellesforbundet.

Historie

endre

MEF vart stifta i 1948, under namnet Bulldosereiernes Landsforening. I 1961 vart namnet endra til Maskinentreprenørenes Forening og i 1974 til Maskinentreprenørenes Forbund.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Om MEF». mef.no. Henta 27. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre