Julie Brodtkorb

norsk næringslivleiar

Julie Margrethe Brodtkorb (fødd 29. oktober 1974 i Trondheim) er ein norsk næringslivsleiar og tidlegare politikar for Høgre. Frå oktober 2013 til april 2017 var ho statssekretær ved Statsministerens kontor.[1][2] Frå 2017 har ho vore administrerande direktør i Maskinentreprenørenes forbund.[3]

Julie Brodtkorb

Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. oktober 1974 (49 år)
Trondheim
Yrke politikar, forretningsdrivande
Politisk parti Høgre
Ektefelle Tore Aksel Voldberg

Brodtkorb var 1. viseformann i Trondheim Unge Høgre 1991–1992, kvinnepolitisk leiar i Aremark Høgre 2004–2006 og leiar i Aremark Høgre 2005–2006. Frå 2010 var ho leiar i Høgres Kvinneforum og medlem av Høgres arbeidsutval. Ho har òg vore medlem av Oslo bystyre frå 2011 til 2015.[4]

Julie Brodtkorb har studiekompetanse fra Strinda vidaregåande skule, og er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole frå 1999. Ho var trainee i Geelmuyden.Kiese AS 1999–2001 og marknadssjef til Utfors AS i 2001. I 2001 vart ho tilsett i Høgres gruppesekretariat på Stortinget, først som nærings- og finanspolitisk rådgjevar 2001–2005, seinare som nestleiar til sekretariatet 2005–2007 og kommunikasjonssjef 2007–2009. I fleire år var ho òg statsminister Erna Solbergs stabssjef og personlege rådgjevar. Før ho blei ansatt i Høgre var ho frå 2012 administrerande direktør i kommunikasjonsbyrået JKL Oslo AS. I starten av karriera var ho tilsett i eigedomsselskapa Kristiania Eiendomsforvaltning AS og deretter i Stor Ulven AS.

Brodtkorb var i åra 2004–2010 gift med finansmannen Tore Aksel Voldberg, som ho har barn med.[5]

Kjelder endre

  1. regjeringen.no Statssekretær Julie Margrethe Brodtkorb (H)
  2. «Endringer blant statssekretærene». Regjeringa.no / Statsministerens kontor. 21. april 2017. Henta 19. januar 2018. 
  3. «Organisasjonsoversikt», www.mef.no (på norsk bokmål), henta 2. mai 2020 
  4. «Julie Margrethe Brodtkorb». Høyre. 
  5. «Maktpar skilles - kan bli Norges dyreste skilsmisse». VG. 3. august 2010. Henta 10. mai 2013.