Massakren ved Wounded Knee

Massakren ved Wounded Knee, også kalla «Slaget ved Wounded Knee», var den siste væpna samanstøyten mellom den innfødde lakota-nasjonen (sioux, dakota) og USA. Den skjedde ved Wounded Knee i Dakota-territoriet den 29. desember 1890. Den amerikanske hæren brukte Hotchkiss-maskinkanonar som skaut topunds eksplosive granatar femti gonger i minuttet, medan lakotakrigarane generelt var dårleg væpna.

Fotografi teke like etter massakren ved Wounded Knee.
Massegrav for lakotafolk falne i massakren ved Wounded Knee.
Massegrava ved Wounded Knee i 2003.

Alt den 15. desember var hovdingen for lakotanasjonen, Sitting Bull, blitt drepen av føderale offiserar. Halvbror hans, Big Foot, blei vald til ny leiar. På veg for å hjelpe med-hovding Red Cloud med å få til fred med dei kvite amerikanarane, blei Big Foot avskoren av major Samuel Whitside frå det 7. kavaleriet (som tidlegare hadde blitt leidd av den berømte eller berykta general George Armstrong Custer, som fall i slaget ved Little Big Horn i 1876).

Whitside overførte Big Foot til ein arme-ambulanse på grunn av alvorleg lungebetennelse, og eskorterte dei innfødde amerikanarane («indianarane») til ein foreløpig leir ved Wounded Knee Creek. Hæren gav lakotaene nokre telt og litt mat, og talde dei. Det var 120 menner og 230 kvinner og barn. Neste morgon såg laktoaene at fleire kavalerisoldatar med Hotchkisskanonar hadde komme i løpet av natta. Kanonane blei sett opp på ein låg ås rett over leiren. John W. Forsyth hadde no tatt kommandoen over soldatane. Han informerte om at lakotaene skulle takast til ein militærleir i Omaha i Nebraska.

Hæravdelinga fekk ordre om å avvæpne lakotaene, som no blei sedde på som fangar. Dei innfødde amerikanarane hadde valt å overgi seg utan motstand kvelden før. Soldatane gjorde ikkje forsøk på å avvæpne dei da. Men om morgonen blei lakotaene kalla inn til møte i leiren, fekk nokre soldatrasjonar og beskjed om å levere inn alle skytevåpen. Da soldatane ikkje var nøgde med mengda våpen dei fekk i den frivillige overleveringa, begynte dei å gjennomsøke telta, og fjerna alt som kunne brukast som våpen, blant anna ekstra teltstenger og småøksar til vedhogging. Så begynte soldatane å undersøke krigarane personleg. I denne prosessen blei lakotaene meir og meir irriterte og uregjerlege, ifølgje hæren sine eigne rapportar.

Den siste krigaren soldatane prøvde å avvæpne var Black Coyote. Nokre skildringar hevdar han var døv eller hemma på anna vis, men same korleis det er med det, så var avvæpninga ikkje vellykka, og eit våpen blei avfyrt. Andre soldatar oppe på åsen begynte da å avfyre hotchkisskanonane. Det blei kaos, soldatane ned i leiren blei fanga i krysselden, og lakotakrigarane sprang for å finne att dei avleverte våpna sine.

Da skytinga stansa, låg 153 lakotaer døde, og likeins 25 amerikanske soldatar. Big Foot var blant dei døde. Det er truleg at fleirtalet av dei døde soldatane blei drepne i såkalla «friendly fire», altså av sine eigne, men det blei ikkje gjort noka undersøking av dette etterpå. Såra soldatar og innfødde amerikanarar blei frakta i vogner til Pine Ridge. Om lag 50 lakotaer kom dit, men blei haldne utandørs i kulda i påvente av husly. Om lag 150 lakotaer kan ein ikkje gjere greie for. Dei fleste kjeldene trur at dei flykta, og eit ukjent tal av dei døydde av sår og kulde.

Dei døde lakotaene som låg att i den opphavlege leiren blei lagde i ei fellesgrav. Den amerikanske hæren erklærte at Forsyth ikkje hadde gjort nokon feil. Reaksjonane i den amerikanske offentlegheita var generelt sett positive. 20 soldatar fekk Kongressen sin æresmedalje. Redaktør L. Frank Baum, seinare berømt forfattar av «Trollmannen frå Oz», skreiv i Aberdeen Saturday Pioneer den 3. januar 1891:

Avisa mi har før erklært at vår einaste tryggheit er avhengig av den totale utryddinga av indianarane. Vi har gjort dei ille i hundrevis av år, så vi må for å verne sivilisasjonen vår, følgje opp med ein dårleg ting til, og utrydde desse utamde og utemjelege vesena frå jorda si overflate. I dette ligg sikkerheita for nybyggjarane våre, og for soldatane som er under inkompetent kommando. Viss ikkje vi gjer dette, kan vi vente at kommande år blir like fulle av trøbbel med raudhudane som åra før.

Sist på 1900-talet var tonen blitt meir kritisk. Mange meiner hendinga er ein av dei verste massakrane i USA si historie. Hendinga er blitt minna i ein folkesong av Buffy Sainte-Marie, og i ei bok av historikaren Dee Brown kalla Bury My Heart At Wounded Knee. Både Sainte-Marie og Brown er elles av innfødd amerikansk opphav.

Historisk sett er massakren ved Wounded Knee rekna som sluttpunktet på «Indianarkrigane», serien av konfliktar mellom kolonitroppar og US-amerikanske soldatar på den eine sida og urfolket på den andre sidan 1600-talet, konfliktar som enda med total US-amerikansk dominans i det såkalla grenselandet («The Frontier»).

Meir enn 80 år etter massakren, frå 27. februar 1973, var Wounded Knee også åstad for ein konflikt som vara i 71 dagar mellom føderale styresmakter og medlemmer av American Indian Movement.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre