Lakotafolk (uttalt laˈkxota; lakȟóta/lakhóta) er eit nordamerikansk urfolk som også er kjent som Teton Sioux (frå Thítȟuŋwaŋ). Det utgjer ei av dei tre viktigaste undergruppene av siouxfolket, i lag med East Dakota (Santee) og Western Dakota (Wičhíyena). Dei noverande leveområda deira er i Nord- og Sør-Dakota. Språket deira er lakota, det vestlegaste av tre nærskylde språk som tilhøyrer siox-språka.

Lakotaleiaren Red Cloud og kone. Fotografi frå 1900.

Dei sju gruppene eller «understammane» til lakotafolket er:

  • Sičháŋǧu (Brulé, Burned Thighs)
  • Oglála (They Scatter Their Own)
  • Itázipčho (Sans Arc, Without Bows)
  • Húŋkpapȟa (Hunkpapa, End Village, Camps at the End of the Camp Circle)
  • Mnikȟówožu (Miniconjou, Plant Near Water, Planters by the Water)
  • Sihásapa (Blackfeet eller Blackfoot)
  • Oóhenuŋpa (Two Kettles)

Nokre kjende lakotafolk er Tȟatȟáŋka Íyotake (Sitting Bull), Maȟpíya Ičáȟtagya (Touch the Clouds), Heȟáka Sápa (Black Elk), Maȟpíya Lúta (Red Cloud), Tamakhóčhe Theȟíla (Billy Mills), Tȟašúŋke Witkó (Crazy Horse) og Siŋté Glešká (Spotted Tail). Ein nyare aktivist er Russell Means frå oglálagruppa.

Historie endre

 
Scenar med slag og hesteraid dekorer ein lakota-tipi frå slutten av 1800-talet eller tidleg 1900-tal.

Sioux-språklege folk kan ha stamma frå nedre delar av Mississippielva og deretter ha flytta til eller oppstått ved Ohioelva. Dei var landbrukarar, og kan ha vore ein del av Mound Builder-sivilisasjonen på 800-1100-talet.[1] Lakota-legender og andre kjelder fortel at dei opphavleg budde nær Dei store sjøane, der dei jakta, fiska og sanka villris. Dei dyrka òg mais, men leveområdet deira låg nær grensa til det moglege dyrkeområdet for mais.[2]

På slutten av 1500-talet og byrjinga av 1600-talet budde det dakota-lakota-talarar i Øvre Mississippi-regionen i eit territorium som no er delt inn i delstatane Minnesota, Wisconsin, Iowa og Nord- og Sør-Dakota. Konfliktar med anishnaabe- og creefolk dreiv lakotaene vestover til dei store slettene frå midten til slutten av 1600-talet.[1]

Tidleg lakotahistorie er dokumentert på vinterteljingar (lakota waníyetu wówapi), bildekalendrar måla på skinn eller seinare på papir. Battiste Good Winter Count tek for seg lakotahistoria fram til 900, då den heilage profeten White Buffalo Calf Woman gav den seremonielle White Buffalo Calf-pipa.[3]

Rundt 1730 blei lakotafolka introduserte for hestar av cheyennefolk.[4] Dei kalla dyra šuŋkawakaŋ (‘makt/mysterium/under-hund’), og utvikla ein hestekultur der samfunnet fokuserte på bisonjakt på hest. I 1660 rekna franske oppdagarar med at den totale folkesetnaden av siouxfolk (lakota, santee, yankton og yanktonai) var 28 000.

Talet på lakotafolk blei estimert til 8 500 i 1805; det voks jamt, og nådde 16 110 i 1881. Dei var eir av dei få urfolka som auka i folkesetnad på 1800-talet, ei tid med utbreidd sjukdom og krig. I 2010 hadde talet på lakotafolk auka til over 170 000.[5] Av dei snakka om lag 2 000 framleis lakota.[6]

Etter 1720 delte lakotagreina av dei sju rådsbåla seg i to store sekter: Saône, som flytta til Lake Traverse-området på grensa mellom Sør-Dakota og Nord-Dakota, og oglála-sičháŋǧu, som busette seg i dalen kring James-elva. Kring 1750 hadde saône-gruppa flytta til den austlege bredden av Missouri-elva, og 10 år seinare følgde oglála og brulé (sičháŋǧu) etter.

Dei store og mektige landsbyane Arikara, Mandan og Hidatsa hadde lenge hindra lakotafolk frå å kryssa Missouri-elva. Men den store kopparepidemien i 1772-1780 drap tre fjerdedelar av medlemmane i desse stammene. Lakotafolk kryssa elva og slo seg ned på dei tørre kortgraspræriane i High Plains. Desse innflyttarane var saônefolk, med ridedyr og stadig meir tryggleigg, som spredde seg raskt. I 1765 oppdaga ei saônegruppe leia av Chief Standing Bear området Black Hills (Paha Sapa), som då var territoriet til cheyennefolk.[7] Ti år etter gjekk oglála og brulé òg over Missouri. Under press frå lakotafolk flytta cheyennanee vestover til Powder River-området.[4] Lakotaene gjorde Black Hills til heimen sin.

 
Lakotaleiarar i Fort Larami i 1868.
 
Fredskommissærar i råd med nordlege cheyennefolk og nordlege arapahofolk i Fort Laramie i Wyoming.

Etter at USA hadde bygd Fort Laramie utan løyve på lakotaland, forhandla dei fram Fort Laramia-traktaten i 1851 for å verna europeisk-amerikanske reisande på Oregon Trail. Cheyenne- og lakotafolk hadde tidlegare angripe reisande grupper i konkurransen om ressursar, og òg fordi nokre busetjarar hadde teke jorda deira.[8]

Amerikanske styresmakter gjorde ikkje noko for å avgrensa ulovleg busetnad, og lakotafolk og andre grupper angreip nybyggjarar og reisande som del av motstanden mot inntrenginga. Offentleg press auka for at den amerikanske hæren skulle straffa dei. Den 3. september 1855 hemna 700 amerikanske soldatar under general William S. Harney seg for massakren i Grattan ved å angripe ein lakotalandsby i Nebraska, og drap rundt 100 menn, kvinner og born. Eit rekkje korte «krigar» følgde, og i 1862-1864, då urfolk flykta frå «Dakota-krigen i 1862» i Minnesota flykta vest til allierte i Montana og Dakota-territoriet. Etter den amerikanske borgarkrigen førte auka nybygging frå kvite til at det braut ut krig med lakotaene igjen.

Black Hills var rekna som heilage av lakotafolk, og dei protesterte mot gruvararbeid. Mellom 1866 og 1868 kjempa den amerikanske hæren mot lakotaene og deira allierte med langs Bozeman Trail om amerikanske festningar som var bygde for å verne gruvearbeidarar som reiste langs stien. Oglalahøvdingen Red Cloud leidde folket sitt til siger i Red Cloud-krigen. I 1868 underteikna USA Fort Laramie-avtalen av 1868, som fritok Black Hills frå all kvit busetjing for alltid. Men fire år seinare blei det funne gull der, og gullgravarar flokka til området.

Lakotaåtak mot innflyttarar blei møtt av militær makt leia av kommandantar som George Armstrong Custer. General Philip Sheridan oppfordra troppane sine til å jaga og drepa bison som eit middel til å øydeleggja matforsyningane til urfolka.[9]

Dei allierte lakota- og arapaho-gruppene og det sameinte nordcheyennefolket var involvert i mykje av krigføringa etter 1860. Dei kjempa fram ei vellykka forseinking mot styrkane til general George Crook i Slaget ved Rosebud, og hindra Crook i å finna og angripa leiren deira.

Ei veke seinare sigra dei over det 7. kavaleriet i 1876 ved slaget ved Little Bighorn ved i det dåverande Crow Indian-reservatet.[10] Custer angreip ein leir av fleire stammar, som var mykje større enn han visste. Dei sameinte styrkane deira, leidde av Crazy Horse, drap 258 soldatar, og øyde heile bataljonen til Custer i slaget.

Lakotaen og deira allierte fekk ikkje nyta sigeren lenge. Kongressen i USA gav løyve til å støtta ei utviding av hæren med 2 500 mann. Den forsterka amerikanske hæren sigra over lakotaene i ei rekkje slag, og enda Den store Sioux-krigen i 1877. Lakotaen blei til slutt avgrensa til reservat, hindra frå å jakta bøffel utanfor desse områda, og blei nøydde til å ta imot matforsyningar frå styresmaktene i staden.

 
Miniconjou-folk i Big Foot-landsbyen i 1890.

I 1877 underteikna nokre av lakotagruppene ein traktat som gav Black Hills til USA; men arten til denne traktaten og gjennomføringa av henne var kontroversiell. Talet på lakotaleiarar som støtta traktaten er svært omstridt. Konfliktar med låg intensitet heldt fram i Black Hills. 14 år seinare blei Sitting Bull drepen på Standing Rock- reservatet den 15. desember 1890. Den amerikanske hæren angreip Minicoujou-stammen til Spotted Elk (aka Bigfoot) den 29. desember 1890, ved Pine Ridge, og drap minst 153 lakotafolk, inkludert mange kvinner og born, i Wounded Knee-massakren.

 
Miss Standing Rock, Mary Eagle, framfor siouxflagget.

I dag bur dei fleste lakotafolk i fem reservat i vestlege Sør-Dakota:

  • Pine Ridge Indian Reservation, heimen til oglála, den største lakotagruppa.
  • Rosebud Indian Reservation, heimen til upper sičhánǧu eller brulé.
  • Lower Brule Indian Reservation, heimen til lower Sičhaŋǧu.
  • Cheyenne River Indian Reservation, heimen til fleire av dei andre sju lakotagruppene, som mnikȟówožu, itázipčho, sihásapa og oóhenumpa.
  • Standing Rock Indian Reservation, heimen til húŋkpapȟa og folk frå fleire andre grupper.

Det bur òg lakotafolk i Fort Peck Indian Reservation i Nordaust-Montana, Fort Berthold Indian Reservation i nordvestlege Nord-Dakota, og fleire små reservat i Saskatchewan og Manitoba i Canada. Under krigane i Minnesota og Black Hills, flykta forfedrane dit.

Det bur mange lakotafolk i Rapid City og andre byar i Black Hills, og i storbyområdet rundt Denver. Eldre frå lakotafolket blei med i Unrepresented Nations and Peoples Organization (UNPO) for å søke vern og anerkjenning for kulturelle og jordrettar.

 
Oppbevaringsveske med perlearbeid, seint 1800-tal, no vedCleveland Museum of Art.
 
Lakota-parfleche frå ca. 1890, no ved Speed Art Museum.

Etnonym endre

Namnet «lakota» kjem frå lakota-endonymet lakota, ‘føla kjærleik, vennleg, sameint, alliert’. Tidlege franske historiske dokument skilde ikkje ut ei særskild teton-gruppe, men grupperte dei saman med andre «vestlege sioux», santee- og yankton-grupper.

Namna teton og tetuwan kjem frå det lakotiske namnet thítȟuŋwaŋ, som meiningen er uklare. Desse namna blei brukte for å visa til lakotafolk av sioux-grupper som ikkje var lakota.

Tidlege franske kjelder kallar lakotafolk sioux med ei tilllegsskildring, som vest-sioux , sioux des prairies, sioux occidentaux, sioux of the Meadows, Nadooessis of the Plains, Prairie Indians, Sioux of the Plain, Maskoutens-Nadouessians, Mascouteins Nadouessi og Sioux nomades.

 
Lakota-perlearbeid for salbelte, laga ca. 1850

Mange av stammene kallar framleis seg sjølv sioux. På 1800- og 1800-talet var dette namnet som den amerikanske regjeringa brukte om alle dakota/lakotafolk. Nokre stammar har likevel formelt eller uformelt teke i bruk tradisjonelle namn: Rosebud Sioux-stammen er òg kjent som Sičháŋǧu Oyáte (Brulé-nasjonen), og Oglala brukar ofte namnet Oglála Lakȟóta Oyáte, i staden for den engelske nemninga Oglala Sioux Tribe eller OST.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Pritzker 329
  2. «History of the Dakota Tribes». Henta 10. desember 2020. 
  3. "Lakota Winter Counts." Arkivert March 2, 2012, ved Wayback Machine. Smithsonian National Museum of Natural History.
  4. 4,0 4,1 Liberty, Dr. Margot. «Cheyenne Primacy: The Tribes' Perspective As Opposed To That Of The United States Army; A Possible Alternative To 'The Great Sioux War Of 1876'». Friends of the Little Bighorn. Henta January 13, 2008. 
  5. [1].
  6. [2] Arkivert May 2, 2016, ved Wayback Machine..
  7. «Kiowas». Encyclopedia of the Great Plains. Henta 23. juni 2013. 
  8. Brown, Dee (1950) Bury My Heart at Wounded KneeMacmillan ISBN 0-8050-6669-1, ISBN 978-0-8050-6669-2
  9. Winona LaDuke, All Our Relations: Native Struggles for Land and Life, (Cambridge, MA: South End Press, 1999), 141.
  10. Kappler, Charles J.: Indian Affairs.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Lakotafolk